While My Guitar Gently Weeps
While My Guitar Gently Weeps Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 5–6. september 1968[1] i EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock,[2] blues[3] | |
Lengd | 4:46 | |
Selskap | Apple | |
Komponist | George Harrison | |
Tekstforfattar | George Harrison | |
Låtskrivar(ar) | George Harrison | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«While My Guitar Gently Weeps» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Songen vart skriven av George Harrison, som opphavleg komponerte han på akustisk gitar og ein mellotron. Eric Clapton spelte sologitar på songen med ein Gibson Les Paul.
Songen er rangert på 136. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4] Songen vart òg plassert på sjuande plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane nokon gong.
Komposisjon og innspeling
endreI følgje Harrison kom inspirasjonen til «While My Guitar Gently Weeps» etter at han las den kinesiske boka I Ching som, slik han sa, «verka for meg å vere basert på eit austleg konsept om at alle ting er relativt til alt anna, i motsetnad til det vestlege synet om at ting berre er tilfeldige.»
Harrison tok med seg denne tanken til foreldra sin heimstad i Nord-England og skreiv her ein song basert på dei første orda han såg då han opna ei tilfeldig bok. Dei første orda var «gently weeps» og med desse starta han å skrive songen.
Songen vart møtt med lita til inga interesse frå dei andre Beatles-medlemmane. Nedslått, men ikkje utslått inviterte Harrison venen Eric Clapton til å delta på ei innspeling. Clapton var tvilande, «ingen (utanforståande) spelar nokon gong på ei Beatles-plate!», men Harrison overtalte han. Å ha Clapton med seg tydde to ting for Harrison; eit kort avbrekk frå den interne kranglinga i bandet og ein sjanse for han å fri seg frå å spele førstegitar og heller konsentrere seg om vokal og rytmegitar. Songen har seinare òg vorte spelt av Clapton, Jeff Healey, Peter Frampton og Spinshank.
Det har vore diskutert om det verkeleg er Clapton som står bak den kjende soloen i «While My Guitar Gently Weeps». Nokre rykte vil ha det til at soloen vart spelt inn på ny og at det ikkje var Clapton-versjonen som kom med på albumet. Harrison sjølv har lagt desse rykta døde: «Så Eric spelte han og eg syntest det var skikkeleg bra. Då vi høyrte på lydbanda etterpå sa han, 'ah, det er eit problem, soloen er ikkje 'beatlesk' nok!' Så vi køyrde han gjennom ADT-en for å 'wobble' han opp litt …»
Medverkande
endreI følgje Ian MacDonald,[5] Walter Everett[6] og John Winn:[7]
White Album-versjonen
- George Harrison – vokal, korvokal, akustisk gitar, Hammondorgel
- John Lennon – elektrisk gitar med tremolo
- Paul McCartney – harmonivokal, piano, bassgitar
- Ringo Starr – trommer, tamburin, kastanjettar
- Eric Clapton – sologitar
Anthology 3-versjonen
- George Harrison – vokal, akustisk gitar
- Paul McCartney – orgel
Bakgrunnsstoff
endre- Tekst Arkivert 2005-04-07 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «While My Guitar Gently Weeps» frå Wikipedia på engelsk, og «While My Guitar Gently Weeps» frå Wikipedia på bokmål den 8. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Everett, Walter (1999). The Beatles as Musikars: Revolver Through the Anthology. New York, NY: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-512941-0.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (2nd rev. edn). Chicago, IL: Chicago Review Press. ISBN 978-1-55652-733-3.
- Winn, John C. (2009). That Magic Feeling: The Beatles' Recorded Legacy, Volume Two, 1966–1970. New York, NY: Three Rivers Press. ISBN 978-0-307-45239-9.
- ↑ Lewisohn 2005, s. 153–54.
- ↑ MacDonald 2005, s. 300.
- ↑ Riley 2002, s. 268.
- ↑ Rocklist Music
- ↑ MacDonald 2005, s. 300–01.
- ↑ Everett 1999, s. 201–02.
- ↑ Winn 2009, s. 210.
137: «Your Song» Elton John |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 136 «While My Guitar Gently Weeps» The Beatles |
135: «In the Midnight Hour» Wilson Pickett |