Wii Fit er eit treningsspel på Wii, utvikla og produsert av Nintendo. Det vart gjeve ut i Japan i desember 2007, i Europa i april 2008, og i Australia og Nord-Amerika månaden etter. Spelet bruker eit balansebrett, som mellom anna kan brukast til å trene opp balansen og måle vekta til spelaren.

Wii Fit
WiiFit.svg
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Produsent(ar)Tadashi Sugiyama
Design(ar)Hiroshi Matsunaga
Komponist(ar)Tōru Minegishi, Shiho Fujii
Plattform(er)Wii
Utgjeving25. april 2008
SjangerTreningsspel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Spelet har også kome ut i ei utgåve på Wii U, under namnet Wii Fit U.

Wii Fit PlusEndra

Wii Fit Plus er ein oppfylgjar til Wii Fit, som også er utvikla av Nintendo. Spelet byggjer på det originale Wii Fit med 15 nye balanse-spel, og seks nye yoga- og styrkeøvingar. Nye funksjonar er mellom anna ein kalorimålar, system for å sette opp eigne treningsprogram, moglegheit for å sette tidsgrense for øvingane og val for å laga profilar for kjæledyr. Spelarar skal også kunne navigera raskare mellom øvingar, for betre flyt i treninga.

Wii Fit Plus er selt både i ein pakke med Wii Balance Board, og separat for dei som har Wii Balance Board frå før.[1]

KjelderEndra

  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.