Wii Sports

dataspel frå 2006

Wii Sports er eit idrettsspel utvikla og utgjeve av Nintendo som ein lanseringstittel til spelkonsollen Wii. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika saman med Wii-konsollen i november 2006, og i Japan, Australia og Europa månaden etter. Spelet følgde med Wii-konsollen i alle territoria utanom Japan, som gjorde dette til det første spelet pakka med ein Nintendo-konsoll sidan Super Mario World for SNES i 1990.

Wii Sports

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto, Katsuya Eguchi
Design(ar)Keizo Ohta, Takayuki Shimamura, Yoshikazu Yamashita
Komponist(ar)Kazumi Totaka
SerieWii, Wii Sports
Plattform(er)Wii
UtgjevingNA: 19. november 2006
JP: 2. desember 2006
EU: 8. desember 2006
SjangerIdrett
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://wiisports.nintendo.com/
Del av serien Wii, Wii Sports⠀
Wii Sports Resort→

Wii Sport inneheld fem spel basert på fem idrettsgreiner: tennis, baseball, bowling, golf og boksing. Spela er utvikla for å demonstrere eigenskapane til Wii-fjernkontrollen, der spelarar kan etterlikna rørslene ein gjer på ekte for å gje innputt til spela, til dømes svinge kontrollen for å slå ein tennis-rekkert.

Wii Sports fekk gjengs god kritikk og har vunne ei rekkje prisar. Det er eitt av dei mestsejlande dataspela gjennom tidene, med 82,90 millionar selde kopiar internasjonalt per 30. september 2021.[1] I 2009 fekk spelet ein oppfølgjar, Wii Sports Resort.

Oppsett endre

Wii Sports er ei samling av fem spel basert på idrettsgreinene tennis, baseball, bowling, golf og boksing. Splela er tilgjengelege gjennom hovudmenyen. Spela nyttar dei rørslesensoren i Wii-fjernkontrollen og nunchuken slik at spelaren kan etterlikne korleis ein speler i røynda ved å røre på kontrollen, til dømes ved å halda Wii-fjernkontrollen som ei golfkølle eller ei bowlingkule. Nokre delar av spelinga er automatisk styrte av spelet, som i tennis der forflyttinga av sjølve spelarfiguren skjer automatisk medan slaga frå tennis-rekkerten er kontrollerte av spelaren.

Kvar av greinene har ein standardmodus, treningsmodus og fleire modi for fleirspel. I standardmodus ligg reglane for sporten nært reglane slik dei er i ekte sport. Treningsmodus er ein einspelarmodus som lèt ein øva seg på enkelte felt innanfor sportane, og lønnar ein med medaljar om bragda er god nok. Kvar sport har modi for ein eller to spelarar, der nokre av dei stør speling for opp til fire spelarar på ulike vis. I golf og bowling kan fleire spelarar delta ved å dela på ein Wii-fjernkontroll etter tur, mens tennis krev at kvar av spelarane har sin eigen kontroll. I fleirspelar-modus speler spelarane oftast mot kvarandre etter reglane for sportane. Unntaket er tennis der to kan spela i lag eller mot kvarandre.

Figurane i spelet blir henta frå Mii-kanalen på Wii. Dette lèt ein laga Mii-figurar som kan bli sendte til spel som stør denne funksjonen. Mii-ar som er lagra på Wii vil dukka opp i folkemengda i bowling-spela og som lagkameratar i baseball-kampane. Ein kan også senda Mii-figurar over til internminnet i Wii-fjernkontrollen for bruk på ein annan Wii med ei anna lagring.

Kjelder endre