Wikipedia-diskusjon:Nynorsk innhald på Internett

Me har nå fått nynorsk brukargrensesnitt og me har passert artikkel nummer 1000. Me har rett under 50 brukarar i skrivande stund, og ca. 15-20 av desse har vore med på å forfatta artiklar, i tillegg til dei som redigerer anonymt. Gjennom rein dugnadsinnsats har me klart å leggja grunnlaget for ein nynorsk kunnskapsdatabase. Han veks dagleg, men for at han skal verta eit nyttigt referanseverk trengs det mykje arbeid.

På mange måtar har me "tjuvstarta" nett det Nynorsk kultursentrum pratar om, eit leksikon på Internett som skal vera med på å styrkja nynorsk skriftspråk, så det er vel berre logisk at me sender ein representant til konferansen. På denne måten kan representantar frå mange ulike nynorskgrupper få eit større innblikk i kva Wikipedia er og koss Wikipedia kan verta nett det dei ønskjer, trass i mangel på pengar.

Grunnar til å senda ein representant til Nynorsk innhald på Internett-konferansen endre

  • Læra om nynorsk innhald på Internett og koss desse kjeldene kan nyttast i arbeidet vårt.
  • Spreia kunnskap og skapa blest om Wikipedia i nynorskmiljøa slik at me får ei større kontaktflate.
  • Introdusera Wikipedia som eit liv laga konsept for iverksetjing av idéen til Nynorsk kultursentrum.

Grunnar til ikkje å senda ein representant endre

  • Pengar. Konferansen kostar NOK 950,-, mat, opphald, og transport ikkje medrekna.
  • Nynorsk Wikipedia har ikkje ein vanleg organisasjonsstruktur, og dermed kan vel eigentleg ingen representera denne udefinerte eininga, men kanskje Wikimedia Foundation kan "autorisera" nokon til å representera dei?.
  • Me har vorte involverte noko seint, så me er ikkje på talarlista og har dermed mindre sjansar for å spreia ordet.

Representant endre

Guttorm (aka Dittaeva) er føreslått som representant for Nynorsk Wikipedia og har sagt seg villig, Gunleiv har ikkje tid.

Guttorm endre

For meg er det mogleg og ynskjeleg å reisa, men eg kjem nok til å trenga litt finansiell støtte, må finna ein (billeg/gratis) stad å overnatte, og har litt lite tid til å forberede meg. --[[Brukar:Dittaeva|Guttorm]] 28. okt 2004 kl. 09:33 (UTC)

Finansiering endre

Bjarte har føreslege å støtta ei ev. utsending finansielt. Aktuelle utgifter er:

  • Konferanseavgift 950,- (obligatorisk)
  • Kurspakke (mat, lunsj) 500,- (denne er inkludert i påmeldinga, betyr dette at ein må seie det frå seg, eller er det obligatorisk?)
  • Mat (nynorsk kultursentrum ligg 5 km frå Ørsta og Volda, berre eigen butikk)
  • Overnatting (nokon som har slektningar eller bekjente som tørr ta inn ein framand?)
  • Transport: Bil: 188 km x2, ein bomveg (150 kr x2), to ferjer (x2).

Eg skal sjå om eg kan få konferanseavgifta sponsa av skald forlag eller nokon andre her i Leikanger. --[[Brukar:Dittaeva|Guttorm]] 28. okt 2004 kl. 09:33 (UTC)

Det ser ut til at eg kan få avgifta sponsa av Leikanger Næringshage, kjem til å halde eit lite innlegg om nn.wikipedia der på måndag. Ser også ut til at eg får overnatta hjå ein av dei tilsette på Ivar Aasen tunet. --[[Brukar:Dittaeva|Guttorm]] 29. okt 2004 kl. 17:30 (UTC)

Eg hjelper med ein hundrelapp. Bjarte 28. okt 2004 kl. 11:27 (UTC)

Eg (og Vadakkan) slår til med 101! Gjerne meir òg, viss det går mot underskot. Ranveig 28. okt 2004 kl. 21:00 (UTC)

Eg gjer om min hundrelapp til 105 kroner! Ha, slå den. Bjarte 28. okt 2004 kl. 23:45 (UTC)

Takk for støtten, eg tek ikkje mot noko før eg faktisk har vore der, og før eg veit kor mykje eg får andre stader.

--[[Brukar:Dittaeva|Guttorm]] 29. okt 2004 kl. 17:30 (UTC)

SUPERT! Det vert vel ein vin-vin situasjon (Bjarte tek seg ein til slurk av vinen han har kjøpt for 105 kroner). Bjarte 29. okt 2004 kl. 22:48 (UTC)

Presentasjon endre

Kva skal ein ev. repsentant eller eit ev. skriv leggja vekt på snakka/skriva om? Dette kan vera stikkordliste eller komplett presentasjon.

Kva er Wikipedia? endre

  • Eit leksikon skrive av brukarane sjølve på x språk, no med x artiklar på den engelske og og x artiklar (derav x på engelsk og x på tysk).
  • Historie.
  • Wiki?
  • Lisens (GFDL).
  • Nynorsk Wikipedia, norsk wikipedia.
  • Suksess (tysk wikipedia og testar), eksempel.
  • Korleis kan nynorsk Wikipedia dra nytte av midlar:
    • Sikre drift (støtte til Wikimedia Foundation)
    • Spre informasjon, opplæring?
    • Betale skribentar.
    • (Betale nye funksjonar.)
    • (Finansiere andre former for utgjeving)

Korrespondanse endre

Olve har korrespondert med Nynorsk Kultursenter:

27. oktober 2004: E-post send til admin (at) aasentunet.no endre

Beste Ottar Grepstad:

Vi vil med dette melde at eit nynorsk oppslagsverk på internett er i god gang: Nynorsk wikipedia ( http://nn.wikipedia.org/ ), som vart igangsett den 31. juli i år er etter omfattande dugnadsinnsats no oppe i over 1000 artiklar, og med det nyomsette og nyleg opplasta nynorske brukargrensesnittet er Nynorsk wikipedia no eit fullt brukande og aktivt bruka medium for arbeid med nynorsk leksikografi.

Nokre eksempel på relativt langtkomne artiklar:

Vi er sjølvsagt interesserte i å vera aktivt med på prosessen mot eit omfattande nynorsk oppslagsverk på Internett og vonar at det kan vera mogleg å samordne den felles interessa vår på dette feltet.

I den samanheng er vi svært interesserte i å vera med på konferansen "Nynorsk innhald på Internett" -- anten ved ein utsending, om vi får dette til på så kort varsel og om de godtek påmeldingar etter den 25. oktober -- eller ved å sende dykk eit konferanseinnlegg eller ei pressemelding.

Vonar å høyre frå dykk snart. Vi vil òg taka kontakt att så snart vi veit meir om kva vi kan få til i praksis.

Med beste helsing frå oss på Nynorsk Wikipedia, ved

Olve Utne

27. oktober 2004: E-post motteken frå aasentunet.no endre

Oddny W. Nupen, Sals- og adm. sekretær for Nynorsk kultursentrum svarte at det framleis gjekk greit å melde seg på. (e-post erstatta med samandrag av Guttorm 4. nov 2004 kl. 17:46 (UTC), på førespurnad frå Ottar Grepstad)

29. oktober 2004: E-post send til admin (at) aasentunet.no endre

Beste Ottar Grepstad:

Eg viser til tidlegare e-post og vil med dette melde om at Guttorm Flatabø vil deltaka på konferansen som representant for Nynorsk wikipedia. For praktiske detaljar kring reise og opphald kan han kontaktast på e-postadressa dittaeva@y... (avstutt adresse i internettversjonen.)

Vi på Nynorsk wikipedia vil òg be om at Guttorm Flatabø får tildelt talartid for eit innlegg om arbeidet vårt om dette er praktisk mogleg -- gjerne på fredag.

På førehand takk!


Med beste helsing frå oss på Nynorsk wikipedia, ved

Olve Utne

Kjelder endre

Om wikipedia endre

Mykje av det som står her er me alle samde i, men den som reiser bør vel sjå gjennom desse artiklane for å ha klar nokre rappe svar...

Foredragsidéar

Skal me møtast på IRC eller noko slikt ein gong? endre

Eg er eigentlig ikkje nokon stor fan av å diskutera slike ting på ein relativt lukka stad som IRC, men det kunne vel vera ein god idé å diskutera konferansen litt før torsdag? Eg veit me bur i all slag ulike tidssoner, men me burde kunne finna ei tid der me alle er vakne. For meg passar det mellom 21:00 og 15:00 NORSK TID. Me kunne til dømes møtast på #nn.wikipedia på irc.freenode.net. Bjarte 31. okt 2004 kl. 22:25 (UTC)

Gjerne det. Er heller ikkje den store IRC tilhengaren osb., men eg er no på #nn.wikipedia og kjem til å prøva å vera der heile dagen lang...:-) Er spesielt interessert i å vita kva me skal meina på fredagen under diskusjonsbolken om nynorsk leksikon på nett (1245 NYNORSK PÅ INTERNETT 2005-2014: KVEN GJER KVA - OG KVA MED PENGANE?), ev. kva eg skal seie om dette dersom eg får eit innlegg.--[[Brukar:Dittaeva|Guttorm]] 1. nov 2004 kl. 00:26 (UTC)
Viss me møter UTC-tid mondag 1. november 2004 klokka 20:00 skulle ein tru det passar for folk flest. Dette er 07:00 i Sydney (2. november), 21:00 i Noreg, 20:00 i London og 14:00 i New York. Passar det for alle involverte? Bjarte 1. nov 2004 kl. 04:02 (UTC)
Sjå òg timeanddate.com
Ein logg av dette møtet ligg ute på Wikipedia:IRC-loggar. Bjarte 1. nov 2004 kl. 23:02 (UTC)
Eg hadde håpa at eg skulle få til å vera med på IRCinga, men dagen vart for hektisk her. :( Elles har eg lese gjennom loggane (fekk med meg dei fleste detaljane, Bjarte... ;-> ) og orientert meg så godt eg kan... Når det gjeld svar frå Aasentunet, så har eg ikkje hørt noko etter den siste e-posten min åt dei (sjå ovanfor). -- Olve 2. nov 2004 kl. 03:29 (UTC)

Innlegg på konferansen endre

Eg har blitt tildelt 20 min. frå kl. 0900 på fredag. Ottar Grepstad har føreslege "Wikipedia - kunnskapsbase på dugnad" som tittel. Reagerte ikkje på dette først og har difor ikkje gjeve han noko vidare kommentar. Men etter som eg tenker meir på den så er eg eigentleg ikkje heilt nøgd sidan det på ein måte diskvalifiserer wikipedia som eit leksikon frå byrjinga og heller kallar det for kunnskapsbase. hm. Har ikkje sendt noko alternativ. --Guttorm 2. nov 2004 kl. 22:40 (UTC)

Det er flott! Eg trur ikkje du treng vera bekymra om ordet kunnskapsbase, det ser ut som i til dømes programmet til konferansen at dei nyttar orda leksikon og kunnskapsbase om ein annan. Bjarte 3. nov 2004 kl. 02:24 (UTC)
Tilbake til prosjektsiden «Nynorsk innhald på Internett».