Wikipedia-diskusjon:Opphavsrett

Siste kommentar: for 13 år sidan av Roarjo i emnet Ny lisens og opprydding

Bilete og opphavsrettar

endre

Kopiert hit frå Brukardiskusjon:Hogne av Ranveig 1. jun 2005 kl. 2100 (UTC)

Hei Hogne, fint at du tek deg tid til å finne fine bilete og å be opphavsretthavarane om løyve til bruk. No er det eitt problem: For at bileta skal vera lov å bruke her, lyt du innhente løyve ikkje berre til å bruke bileta éin gong i ein spesifikk artikkel. Løyvet lyt vera for frigjeving av biletet under GNU-FDL eller liknande. Det vil seie at biletet er frigjeve til uavgrensa bruk av alle wikipediaene og at alle som vil kan kopiere biletet for eigen privat eller kommersiell bruk, så lenge dei oppgjev kjelda på rett vis. Dette er viktig fordi heile Wikipedia skal vera utgjeve under fri dokumentasjonslisens. Forslag til form for førespurnad:

Kjære [_namn_],
Eg vil med dette be om løyve til å bruke biletet [_biletreferanse_]
på Nynorsk Wikipedia ( http://nn.wikipedia.org ).
Alle bileta der lyt vera frigjevne under fri dokumentasjonslisens —
det vil seie at bileta kan brukast fritt på alle wikipediaprosjekt
og at alle kan kopiere biletet vederlagsfritt til eigen bruk,
inkludert i kommersiell samanheng, så lenge dei oppgjev kjelda på rett vis.
Vi kan berre bruke dette biletet på føresetnad av at det blir frigjeve
for slik bruk.

Fordelen for deg som opphavsretthavar er:
* Du vil bli kreditert som fotograf.
* Biletet vil verke som PR for det saka gjeld.

Ser fram til å høyre frå deg!

Beste helsing frå oss på Nynorsk Wikipedia (det frie oppslagsverket), ved

[_sign_]

Dette standardbrevet er berre eit utkast eg laga akkurat no. Det er fritt fram for deg og andre til å justere tekst og innhald, og så kan vi kanskje leggje ut standardbrevet ein stad etterpå. Ved bruk kan ein sjølvsagt leggje til ting — særleg om ein skriv til folk ein kjenner. Men alt som står her børe vera med på tydeleg vis, slik at det ikkje er nokon tvil om kva personen seier ja til... :) Olve 1. jun 2005 kl. 2011 (UTC)

Eit standardbrev er bra, og dette er ein god start. Men eg vil gjerne vente med å sende ut det, til nokre fleire har sett på dette og kome med sine kommentarar. GNU-FDL er ei lenkje som ikkje er bygd enno. Nokon med kompetanse må gjera det. Eg håpar bileta kan ligge ute inntil me har eit godkjent standardbrevet. Det er to krav til det 1) Det skal vere enkelt slik at fotografen ikkje blir skremt bort fordi han ikkje forstår kva han skriv under på 2) Det må vere vasstett i forhold til lova. Er det nokon jurist hjå brukarane her so hadde det vore ei trygge. PS! Er dette ein debatt som kunne funne stad ein anna stad enn under diskusjon av Hogne?

Eg vonar det er greit at eg praktiserer lærdom via handling. Hogne 1. jun 2005 kl. 2044 (UTC)

Slutt på tekst kopiert hit frå Brukardiskusjon:Hogne av Ranveig

Eg er sjølv ikkje så glad i GFDL, det er ein tung og lite brukarvennleg lisens som eigner seg best for det han er laga for, dataprogramdokumentasjon. Dei frie Creative Commons-lisensane er enklare, særleg når det gjeld bilde. Dei kan forklarast slik:
  • by: Brukaren må skriva kven som har teke bildet.
  • sa (share alike): Brukaren må la andre bruka bildet på like vilkår.
CC-BY-SA er med andre ord ikkje så ulik GFDL, men mykje enklare å forklara.
  • pd: Opphavsmannen frigjev bildet heilt.
Så, dersom me kan formulera desse ulike måtane å frigjeva bilde og liknande på, er me komne langt på veg. -- Ranveig 1. jun 2005 kl. 2109 (UTC)
Einig med Ranveig i at CC-lisensar er enklare/betre. Dei kjem truleg på norsk om ikkje så alt for lenge også (eg trur det er UiO og EFN som drive med det, kanskje me burde vera med for å få ein nynorskversjon eller nynorsk/bokmål-kompatibel versjon?). Problemet er at dersom ein vil bruka berre GFDL-innhald som er lisensen åt tekstinnhaldet vårt så er CC-sa-lisensar ikkje kompatible med GFDL. CC-BY er også enklare å forklara, mange er eigentleg godt nøgde med PD.
Når det gjeld brevmalen så ville eg ha lagt til lenkje til den aktuelle lisensen, etter forslaget mitt ville det bli [1]. Fordelane som Olve har lista opp blir like godt ivaretekne med den lisensen. Dersom ein brukar ein CC-SA-lisens er det fleire fordeler (med at ein sjølv kan dra nytte av endra verk, t.d.), men meir som skal forklarast. Noko anna som kanskje bør takast opp i malen er om den du spør har opphavsrett på heile verket, eller om han har brukt andre sine verk med løyve frå dei.
Eg kopierer no brevmalen til Wikipedia:Opphavsrett/brevmal. --Guttorm 11. jun 2005 kl. 2305 (UTC)

Bruk av bilete og "fair use" i artiklane om politiske parti

endre

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 20:04 (UTC)
Følgjande tråd er saksa frå Brukardiskusjon:Eirik av Brukar:Kurtber

Hei igjen Eirik! Du er jammen produktiv og flink. Ser ut til me kjem til å få mange fine artiklar frå deg! Eg har berre ein ting eg vil seia. Det ville vore fint om du kan lesa grundig gjennom det som har blitt sagt om opplasting av bilete ovanfor. Me har ikkje dei same reglane her som dei kanskje har på bokmålsvarianten. Her tillet me ikkje bilete utan opphavsrett så ver vennleg og etterforsk kor bileta kjem frå først. Berre fordi dei finst på engelsk eller bokmål wikipedia tyder ikkje at dei har fri opphavsrett. Dessutan, som eg sa før, så langt som råd er, så bør du lasta opp bilete på commons heller enn på nynorsk wikipedia. Til sist, ikkje ver redd for å snakka med oss! Skriv på brukarsidene våre, spør viss det er noko du vil ha ei oppklåring i. Me bit ikkje ... :D Bjarte 27. apr 2005 kl. 1338 (UTC)

Berre ein kommentar her om noko eg meinar er ei feiloppfatning frå mange si side, den går langt utover kommentaren retta til Eirik: Såvidt eg skjønnar vedtektene (sjå [2]) til Wikimedia Foundation (som driv alle desse prosjekta) så er formålet med prosjekta å laga ulike verk under ein open/fri lisens altså ope/fritt innhald. Det at det florerer med "fair use" bilete på en.wikipedia er ein konsekvens av at det er lett å lasta opp og ta i bruk bilete, vanskeleg å sletta dei, og det at det har vore opna for "fair use"-bilete i det heile teke. I utgangspunktet skulle berre "fair use"-material brukast på nokre veldig få bilete som hadde vore gjennom ein langdryg prosess der ein fann ut det ikkje var mogleg å få tak i noko tilsvarande fritt (t.d. en:Image:TrangBang.jpg). Dette fungerte sjølvsagt ikkje (som å prøve seg på ein Nupedia-prosess med ein wiki) (grunnlaget for å seie alt dette har eg frå å ha lese Wikipedia-l 2003-2004)...
Grunnen til at me ikkje tek med "fair use" materiale er altså ikkje ulik lovgjeving i USA og Europa, men heller på grunn av at ein ikkje kan laga eit fritt oppslagsverk med ufrie bilete - det går ikkje, og erfaringar med unntak viser at det heller ikkje går. For dei som vil veta meir om kva som er meint med ope/fri/fritt så trur eg en.wikipedia har OK ressursar, sjå en:Free content, en:Free License, en:Creative Commons, en:Free Software Foundation, en:GFDL, en:Open content, en:FLOSS. Ope/fritt innhald er eit ganske nytt begrep på engelsk og me er vel truleg nokon av dei første som nyttar det på norsk, så det er ikkje så lett.
Eg trur ufrie bilete (burde eg kanskje heller skriva ikkje-frie?) florerar på andre wikipediar pga. at det er så lett å lasta opp og generell ukunne; bidragsytarane veit ikkje at det er fritt innhald som er målet og dersom dei veit det så veit dei ikkje kva fritt inneber (det er eigentleg eit alt for komplisert tema, pga. grunn av alt for komplisert og omfattande opphavsrettslovgjeving). Eg trur ikkje det er gjort noko vedtak på no.wikipedia om å bruka ufrie bilete. Også der er er det nokre administatorar som prøver å ta handheva "fridomen", men dei har byrja ganske seint, og det er ganske vondt for brukarar å måtta kvitta seg med fin dekorasjon i artiklane når dei oppfattar at ingen andre i samfunnet respekterar opphavsrettlovgjevinga eller prøver å laga fritt innhald.
Skulle kanskje skrive dette ein annan stad, men no fant eg tid og stad og høve så då kom det hit:-) --Guttorm 29. apr 2005 kl. 1539 (UTC) (noko vart lagt til og endra av Guttorm 30. apr 2005 kl. 2008 (UTC)
Einig med Guttorm: «Fair Use» kræsjar heilt med Wikipedia som idé. Tykkjer det er fint at Nynorsk Wikipedia er så tydeleg og konsekvent på dette punktet. -- Olve 29. apr 2005 kl. 2225 (UTC)

Følgjande er ikkje saksa frå Brukardiskusjon:Eirik :)

Eg har gleda av å flytte temaet over på heilt eksakte dømer... Artiklane om politiske parti (Les: AP, SV, SP, FrP, KrF, osv). Her har eg lagt til pressebilete i infoboksen på alle dei største partia (dvs: bilete som er lagt ut under "presse" e.l. på partia sin nettstad). Desse er vel langt i frå garantert utan opphavsrett - faktisk har partia heilt garantert opphavsretten til logoane og bileta sine. Bør vi då slette dei? Eg kan ikkje sjå for meg at nokon av partia vil ha noko i mot at dei vert nytta, i og med at dei er lagt ut til fri bruk av pressa. Tvert om ønskjer dei nok at logoane og bileta av partileiarane skal nyttast, men må vi ha ei stadfesting frå partia om at dei seier i frå seg opphavsretten til at bileta om vi skal vere prinsippfaste i so fall? kurtber 29. apr 2005 kl. 2334 (UTC)
Dei treng ikkje seie i frå seg opphavsretten, men dei bør i det minste seie noko om under kva vilkår dei vil at bileta skal nyttast, eller kanskje lisensiere dei under GFDL. -- Larsivi 30. apr 2005 kl. 0610 (UTC)

Innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:18, 16 august 2007 (CEST):

Problem i høve dei ideelle opphavsrettane

endre

Eg har prøvd drøfte dette på ei «lokal» underside, men tykkjer emnet fortener å nemnast her. Den jamne bidragsytar får vel neppe med seg kva som skjer på «siste endringar» frå dag til dag...

Kort fortalt: Etter mi meining er det klart at dei opphavlege forfattarne av ein omsett artikkel skal nemnast med namn. For å vere i samsvar med «god skikk» jf. opphavsrettslova, meiner eg vidare det ikkje er nok å vise til ei framandspråkleg side (i verste fall utan ein direktelenkje i det heile), all den tid brukarane av nynorsk wikipedia har norsk som hovudmål. Namngjevingsretten er avhengig av ei kopling mellom andsverk og opphavsmann. Denne koplinga blir klart broten dersom ein lesar må navigere seg gjennom t.d. Kinesisk, Japansk eller Fransk wikipedia for å finne kven som eigentleg stod bak artikkelen.

Sjølv utan namnegjevingsretten i norsk lov, tykkjer eg dette burde vere opplagd. Bidreg ein til dugnadsarbeid (som blir nytta til stor økonomisk føremon for m.a. answers.com) burde ei slik «løn» for strevet vere eit minstemål!

Sjå elles drøftinga på Diskusjon:Rote_Armee_Fraktion. - Dagb 19:22, 19 februar 2007 (CET)

No er det slik at for det første har eg ikkje sett at nokon har påstått at du er jurist, så eg ser ingen grunn til å tru nett det. Då har du inga fagleg tyngd i ein diskusjon om jus. For det andre er du ikkje bidragsytar på Wikipedia, og gjev klårt uttrykk for at du er motstandar av heile konseptet bak Wikipedia. Då kan du ikkje rekna med at folka som bidreg på Wikipedia skal tilleggja dine meiningar stor vekt. Særleg ikkje når det du seier er at prinsippa Wikipedia er bygd på, er lovstridige. Konsekvensen av å godta den påstanden (for det er jo berre ein påstand du gjentek, ikkje eit argument du legg fram eller eit faktum som du kan dokumentera) er jo at Wikipedia ikkje lenger kan eksistera. Og det kan du ikkje forventa at bidragsytarane skal gå med på.
Eg for min del trur ikkje Wikipedia hadde eksistert dersom Wikipedia sin praksis var i strid med lova. --Tannkrem 19:52, 19 februar 2007 (CET)
Høyr høyr! --Frokor 20:05, 19 februar 2007 (CET)
Sluttar meg til Tannkrem og Frokor. -- Olve 22:09, 19 februar 2007 (CET)
Om Dagb har rett eller ikkje i det han seier veit eg ingenting om, men Dagb er i sin fulle rett til å setje spørsmålsteikn ved Wikipedia. Det gjeld alle andre også, anten dei bidreg eller ikkje, og anten dei er juristar eller ikkje. Det er ikkje suspekt å ikkje bidra (lenger) til Wikipedia, men likevel meine noko om Wikipedia (på Wikipedia). --Jorunn 23:03, 19 februar 2007 (CET)
Det er sant — isolert sett. Men samanhengen her er at han plutseleg for ei tid sidan ville trekkje bidraga sine ei god stund etter at dei var innarbeidde... -- Olve 23:56, 19 februar 2007 (CET)
RAF-artikkelen var knapt innarbeidd i det heile, og 99% mitt eige arbeid. I høve opphavsrettslege problem elles har praksis vore sletting (der tvilen gjerne har kome opphavsrettshavar til gode). Såleis tykkjer eg ikkje "samanhengen" du trekk fram gjer meining. Dagb 20:43, 19 mars 2007 (CET)
Det no forresten ingen som har stoppa han i å argumentere mot Wikipedia på brukarsida si. Eller her, for den saks skuld. Han har ført ein temmeleg røff tone her heile tida, så det er kanskje ikkje så rart at han får litt røffe tilbakemeldingar òg... :] Olve 00:07, 20 februar 2007 (CET)
Dersom det var faktisk fagleg strid, kunne eg vel skjøne ein "røff tone". Men eg blir berre møtt med underlege påstandar/utsegn som "Du har [ikkje] meiningsfeller her" (Ekko), eller "Eg for min del trur ikkje Wikipedia hadde eksistert dersom Wikipedia sin praksis var i strid med lova." (Tannkrem, "støtta" av Frokor og Olve)... 'utan at eg får ein einaste kommentar på den konkrete argumentasjonen eg legg fram! I høve dei andre "poenga" sluttar eg meg til det Jorunn peikar på. Dagb 20:43, 19 mars 2007 (CET)
Kanskje dette kunne takast opp med folka på wikien JusPed. I teorien burde desse folka ha noko greie på juridiske emne. Dei skriv på http://www.jusped.no/wiki/JusPed:Opphavsrett om opphavsrett. "På denne lenken vil du finne informasjon om rettigheter og plikter for bidragsytere til JusPed, for eksempel hva som er lov å bidra med av informasjon. Jeg nevner allerede kort at for at du skal bidra til JusPed må du inneha opphavsretten til det du bidrar med (du har laget det). Du kan ikke sitere en juridisk forfatter her på JusPed. Evt. at innholdet du bidrar med allerede er utgitt under GNU-Lisens, for eksempel fordi du har hentet artikkelen fra Wikipedia. Da er i såfall en henvisning til artikkelen på Wikipedia pålagt." Dei skriv altså at ei tilvising til artikkelen på Wikipedia er nok, og ikkje at alle bidragsytarane skal listast opp. --Gunnernett 16:10, 20 februar 2007 (CET)
Eksplisitt gjer dei berre at ei tilvising til "Wikipedia" er naudsynt dersom artikkelen er henta derfrå. Dette samsvarar vel godt med at ein gjer publiseringsstad (t.d. eit tidsskrift) i tillegg til namnet på forfattaren? Eg ser ikkje at dei knyt drøftinga opp mot lov om opphavsrett §3. Den eine kjelda dei listar opp gjer ein "404" feil, medan den andre ikkje tek føre seg namnegjevingsretten i det heile. Elles gjer til dømes artikkelen om statsdanning namnet på forfattaren (rett eit pseudonym) på sjølve artikkelsida. Såleis har eg vanskeleg for å trekke ut noko vesentlege motargument i høve "god skikk" frå deira handsaming.
Eg meinar problemet kan løysast gjennom å sjå til lova, og nytte ei naturleg tolkning av denne (sjå RAF-diskusjonen jf. over). I praksis (som kan retteleie i høve "god skikk" jf. lov om opphavsrett) har namngjevingsretten ikkje valda store problem for korkje aviser, forlag, databasar el. likn; omsettingar blir "krediterte" den opphavlege forfattaren i det omsette eksemplaret... Eg skjønar ikkje kva som skal gjere Wikipedia til eit særskilt unntak; med mindre nokon gjer meg det rettslege grunnlag dei har for å tru det motsette. Eg har leita etter konkrete uttalingar hjå juridisk litteratur, men det er ikkje lett å finne. Spørsmålet er rett og slett ukontroversielt; namnet følgjer eksemplaret, med mindre det er fysisk umogeleg (særskilte kunstverk er døme).
Døme; Tove Hygum Jakobsen, Anne Louse Schelin : Ophavsretten I medierne (1997) [I norden er det i stor mon tilsvarande føresegn] på side 28:
”Retten til at blive navngivet som ophavsmand på alle eksemplarer af værket og til at blive navngivet som ophavsmand i forbindelse med enhver udnyttelse, der gør værket tilgængeligt for almenheden, er en af de vigtige personlige rettigheder.” Vidare; ”Alle, der har levert bidrag til værket, som gør dem til (med)ophavsmænd, skal krediteres” (mine uthevingar).
På side 29; (god skikk)
”I den trykte presse er der sjældent problemer med navngivning af de(n), der har skrevet indholdet. Her sker krediteringen enten i form af en ”byline” eller ved anvendelse af mærke." Einaste unntak frå plikt til å namngje opphavsmannen ved eksemplarframstilling/framføring er der det er "nærmest umulig" å sette namn; døme på verk er "bitte små ornamenterede glasstykker".... anna litteratur gjer t.d. at eit skulekorps ikkje treng namngje komponisten av kvar song dei spelar...
Jon Bing: Rettslige konsekvenser av digitalisering: Rettighets- administrasjon og redaktøransvar i digitale nett (1995):
s. 129: "Etter åndsverksloven § 3 har en opphavsmann visse ideelle rettiheter som ikke kan fraskrives ved avtale. Den viktigste ideelle rettigheten er kanskje retten til navngivelse, åndsverksloven § 3, 1.ledd[:]."
s. 130: "Multimediaverk vil lett kunne oppfylle kravet til navngivelse. Ofte gjøres dette ved at man har en "tittel" på et element, da vil navngivelsen skje i samme skjermbilde som verket presenteres. Men det er også vanlig at navngivelsen skjer i en egen "boks".
Er det ønskeleg kan eg grave fram enno fleire referansar, men eg let det bli med dette inntil vidare... Igjen; eg savnar enno eit einaste argument, knytt til lova, juridisk litteratur eller "god skikk" hjå forlag/(nett)aviser osb, som støttar påstanden om at "tilvising" til ein annan artikkel (på eit framand språk!) svarar til "namngjeving". Dagb 20:43, 19 mars 2007 (CET)
Utan å ta stilling til det som står ovanfor på nokon som helst måte, er det vel slik at tenarane til Wikipedia/Wikimedia er i Florida. Så vidt eg kan forstå, bør ein da heller drøfte ut frå amerikanske lovar, sidan publiseringa i og for seg skjer der. Er det ikkje slik? --Erlend 20:56, 19 mars 2007 (CET)
Nei. Så lenge ein sit på norsk territorium gjeld "lov om opphavsrett". Såleis må (stordelen av) artikkelforfattarane på bokmål/nynorsk Wikipedia innrette seg etter dei norske reglane. Ønskar ein gjere gjeldande ansvar mot Wikipedia-stiftinga i seg sjølv må ein normalt gå etter reglane i USA/Florida (med visse unntak). Dagb 21:36, 19 mars 2007 (CET)
Mogeleg det. Uansett er det slik at det er lite relevant kva Dagb meiner. Å slosst for at praksis i heile Wikipediaverda er feil, blir som om å argumentera for at Grønland eigentleg er norsk eller at USA må trekkja seg ut av Hawai (for det var jo eit statskupp når dei innlemma øyene.)
Bortsett frå Dagb trur eg folk veit kva dei er med på når dei skriv her, og finn dagens praksis grei. Men han får dra i gang ein rettsak dersom han brenn slik for dette. --Ekko 21:03, 19 mars 2007 (CET)
«Uansett er det slik at det er lite relevant kva Dagb meiner»... så lenge jussen eg argumenterar med ikkje samsvarar med «praksis i heile Wikipedaverda». Dette er jo malen på fleirtalsdiktatur! Døma du trekk fram gjeld statsrett; der spelarane gjerne er suverene statar som i liten grad er underlagt internasjonal jurisdiksjon. Her er det tale om privatpersonar der fleirtalet er underlagt norsk lov. Dagb 16:50, 10 april 2007 (CEST)

Viser til CapLex, som har ei kort og grei framstilling av sedvanerett... Ein måte å gjera det enda lettare å finne ut kven forfattarane av kvar enkel artikkel er, er å gjera som Tysk Wikipedia og erstatte tabulatoren «historikk» med tabulatoren «Versionen und Autoren». Men sidan hovudregelen er at wikipediaartiklane har over fem forfattarar (ofte dusinvis eller til og med hundrevis) med bidrag som kan vera nærmast umuleg å skilje frå kvarandre, er det lett å forstå at det blir ei nærmast håplaus oppgåve å gå etter kvart einaste bidrag og finne ut kven som «fortener» å nemnast... Mitt ærlege råd til folk som ikkje trivst med dette er å finne seg mindre kollektivistiske prosjekt å arbeide med. Vil òg råde Dagb til å studere Østberg sitt fleirbandsverk Norsk Bonderet — dugnadsprinsippet spelar ei sterk rolle i det tradisjonelle norske samfunnet — sterk nok til at sedvaneretten veg rimeleg sterkt i eksplisitt kollektive verk med flat struktur. -- Olve 23:39, 19 mars 2007 (CET)

Godt sagt! -- Arvind 23:50, 19 mars 2007 (CET)
Eg skjønar du sluttar deg til Olve sin argumentasjon. Men, med din rettsvitskaplege kompetanse ser du vel problemstillinga eg trekk fram? Om ikkje anna knytt til avtaletolking av GFDL (og namngjevingskrava lisensen stiller)? Det hadde vore interessant å få meir konkrete argument i så høve. Dagb 16:50, 10 april 2007 (CEST)
Vel, du gjer i det minste nokre argument for standpunktet ditt denne gongen.
  • Hadde du lese CapLex artikkelen ville du sjå at det er tre (tradisjonelle) kumulative vilkår for sedvanerett; «ensartet praksis», «fulgt i lengre tid» og «partene på vedkommente felt i rettslivet må ha sett det som en rettslig plikt å følge denne praksis». Tanken om at ei dugnads-sedvane tilseier at ingen tek kreditt for eit samarbeid høyrest ikkje dum ut. Sjølv tvilar eg jamvel på at m.a. tidsvilkåret er oppfylt (her ligg normalt provbyrda på hevdaren jf. Rettsgrunnlag og Standpunkt(Nygaard, 2002) s. 313). I alle høve kan vel kravet om «ensartet praksis» ikkje seiast å vere oppfylt. Per dags dato får omsettaren og seinare forfattar kreditt (på "historikken"), medan dei opphavlege forfattarane ikkje blir namngjevne i det heile ved «tilgjengleggjering» på Nynorsk Wikipedia. (Dette passar dårleg med båe dugnadsprinsippet (slik eg tolkar det) og «god skikk» for namngjeving i høve bøker/aviser osb.)
  • Det store fleirtalet av artiklar reknar eg med har toppen 20 forfattarar (2004 analyse av tysk Wikipedia; 47,9% mindre enn 5 forfattarar, 27,6% av samtlege hadde berre ein forfattar. Anonyme bidragsytarar (som i alle høve ikkje skal namngjevast med IP-adresse, med omsyn til valet deira om å vere anonyme) vart ikkje teke med). Sjølv reknar eg ein som bidreg med ei full setning, som forfattar (eit minimum for eit «andsverk»). Då tok det meg omlag 45 minutt å finne samtlege forfattarar av RAF-artikkelen eg omsette. Det var ikkje særskilt fascinerande arbeid, men det var slett ikkje umogeleg eller håplaust (jf. omsettingsarbeidet som tok 4-5 timar, for ikkje å snakke om arbeidet dei opphavlege forfattarane la ned). Og RAF-artikkelen må vel kunne seiast å ha eit forfattartal over gjennomsnittet.
  • Som nemnt over finst det jo ein øvre treskel i høve kva som er «mogeleg» å oppgjev av namn; er det tale om 1000 personar som har bidrege med 3-4 setningar kvar, kan eg vel vere med på at namngjevingskravet på lempast på noko. Men eg har jo sett artiklar med ein 3-5 forfattarar bli klipt og limt frå engelsk wikipedia, for så å omsetjast til norsk. Kva er då grunnlaget for ikkje å namngje forfattarane? At det kan tenkast at forfattartalet vil bli umogleg å halde styr på? Dagb 16:50, 10 april 2007 (CEST)

Slutt på innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:18, 16 august 2007 (CEST)

Dittaeva skreiv at ein må godskriva forfattaren av artikkelen ved kopiering frå Wikipedia. Han skreiv òg at dette er forklart hjå Creative Commons (http://creativecommons.org/licenses/GPL/2.0/).
Stemmer dette?
Eg kan ikkje hugsa å ha sett nokon plass at Wikipedia eller GFDL krev noko slikt. Greitt nok at ein kan gjera det og at det er god tone å gjera det, men eg har hittil ikkje funne nokonting på Creative Commons eller i GFDL som indikerer at ein skal oppgje kven som er forfattaren når ein kopierer ein tekst.
Det kan godt henda at det er eg som har misforstått og at det faktisk finst ein slik regel, men i so fall saknar eg ein konkret peikar til han.
--VerdLanco 26. nov 2004 kl. 08:12 (UTC)

Frå Wikipedia:GNU Free Documentation License tekst: Secondarily, this License preserves for the author and publisher a way to get credit for their work, B. List on the Title Page, as authors, one or more persons or entities responsible for authorship of the modifications in the Modified Version, together with at least five of the principal authors of the Document (all of its principal authors, if it has fewer than five), unless they release you from this requirement., I. Preserve the section Entitled "History", Preserve its Title, and add to it an item stating at least the title, year, new authors, and publisher of the Modified Version as given on the Title Page. If there is no section Entitled "History" in the Document, create one stating the title, year, authors, and publisher of the Document as given on its Title Page, then add an item describing the Modified Version as stated in the previous sentence.
Frå en:Wikipedia:Copyrights: acknowledges the authors of the Wikipedia article used (a direct link back to the article satisfies our author credit requirement)
Som du kanskje forstår så vert eigentleg lisensen broten kvar einaste gong artiklar vert omsett frå eit språk til eit anna. en.wikipedia / Wikimedia har jobba med å løysa problemet (og / eller andre problem) med hjelp av at bidragsytarane overdrar copyrighten sin til Wikimedia Foundation (dette i og for seg ikkje mogleg innan europeisk lovgjeving) har ikkje noko referanse til dette no, og det er heller ikkje innført enno.
Når det gjeld Commons lenkja så var dette ein stor tabbe frå mi side ettersom den viste til GNU GPL og ikkje FDL. --Guttorm 27. nov 2004 kl. 19:04 (UTC)
Eg skjøner ikkje heilt korleis lisensen vert broten. Dersom me seier frå kor stoffet kjem frå og set inn ei interwikilenkje tilbake til originalartikkelen burde vel dette kravet (frå en:Wikipedia:Copyrights) vera oppfylt? -- Ranveig 28. nov 2004 kl. 20:12 (UTC)
Parenteskravet frå en:Wikipedia:Copyrights blir nok oppfylt, men på den måten blir ikkje "Preserve the section Entitled "History"" og resten som er sitert frå lisensen oppfylt. Men dette er ikkje noko stort problem for meg, det er sikkert greit nok om me brukar en.wikipedia sine retningsliner som retningsgjevande. de:Wikipedia:Lizenzbestimmungen ser også ut som eit bra utgangspunkt. --Guttorm 28. nov 2004 kl. 21:25 (UTC)
Takk for svaret og sitatet frå dei korrekte reglane. Viss eg skjønar en:Wikipedia:Copyrights sin definisjon av "å godskriva forfattarane" rett, held det med ein peikar til Wikipedia-artikkelen; ein treng altså ikkje å oppgje nokon namn i den kopierte artikkelen. Som Dittaeva påpeiker, står dette i direkte konflikt med den ovanfor siterte regelen frå GFDL. Når det gjeld kva for ei av dei to linene vi skal leggja oss på i nynorsk Wikipedia sin politikk, stør eg Ranveig sitt framlegg.
--VerdLanco 30. nov 2004 kl. 10:29 (UTC)

Ny lisens og opprydding

endre

Nedst på sidene står det referanse til to ulike sider med :

  • Vilkår (wikimediafoundation.org/wiki/Terms_of_Use) og
  • Vilkår (nn:Wikipedia:vilkår)

Dette må vi rydde opp i slik at vilkåra ikkje står som fleirtydig, og dei må òg vere konsistente med CC-lisensen. Kan det vere ein ide å «ta» nb:Wikipedia:Opphavsrett? (Ikkje plagiert, men omsett til nynorsk med høveleg referanse til kjelda). --Roar 17. juli 2011 kl. 15:00 (CEST)Svar

Ja, me må oppdatera vår versjon slik at han blir rett, gjerne med hjelp frå nb:. --Ranveig 17. juli 2011 kl. 15:03 (CEST)Svar
Wikipedia:Vilkår/Versjon med CC-BY-SA er framlegg til tekst om vilkår med CC-lisensen. --Roar 19. juli 2011 kl. 19:48 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Opphavsrett».