Opna hovudmenyen

Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 36, 2014

Paul Robeson kring 1930

Paul Robeson (1898-1976) var ein amerikansk barytonsongar og skodespelar som også markerte seg som aktivist for borgarrettar og sosialisme. Som skodespelar utmerkte Robeson seg med rolla som Joe i musikalen Show Boat, der han la lista med si framføring av «Ol' Man River», og med tittelrolla i Othello av Shakespeare. Som songar var han særleg kjend for sine spirituals, som han spelte inn på grammofon og turnerte med i ei rekkje land. Han vitja Oslo i 1949.

Etter at andre verdskrigen braut ut heldt Robeson seg i USA, der han blei framheva som Amerikas «no.1 entertainer» og samstundes uglesett for sine politiske haldningar. Som ihuga borgarrettsforkjempar og støttespelar for fagorganiseringar og kommunisme blei han svartelista frå media og gjeven utreiseforbod frå USA. I 1958 blei utreiseforbod mot mistenkte kommunistar oppheva av høgsteretten i USA og han la ut på ein verdsturné. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 36, 2014».