Opna hovudmenyen

Forslag 1: Den store nordiske krigen På valdagen er norsk historie relevant, på ein måte? Hogne (diskusjon) 28. august 2013 kl. 09:33 (CEST)


Den store nordiske krigen (1700–1721) var ein storkrig der ein koalisjon av mange statar klarte å stå imot den svenske overmakta nord i Sentral- og Aust-Europa.

Nokre av dei viktigaste hendingane i krigen var freden i Traventhal og slaget ved Narva i 1700, slaget ved Poltava i 1709, at Karl XII av Sverige vart drepen i Fredriksten i 1718 og den karolinske dødsmarsjen i 1719. Det er estimert at 200 000 svenskar, 75 000 russarar, 60 000 danskar/nordmenn og 14–20 000 polakkar mista livet i krigen.

Krigen enda med nederlag for Sverige, og Russland vart den nye stormakta i Austersjøen og ei viktig brikke i europeisk politikk. I Sverige hadde eineveldet kome til ein slutt då Karl XII døydde og fridomstida starta. Les meir …


Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 37, 2013».