Slaget ved Narva i 1700

Slaget ved Narva den 30. november 1700 var eit tidleg slag i den store nordiske krigen. Ein svensk arme under Karl XII av Sverige slo ein russisk styrke som var tre gonger så stor. Før dette hadde Karl XII tvunge Danmark-Noreg til freden i Traventhal. Etter Narva rykte ikkje den svenske armeen vidare inn i Russland, men vendte i staden sørover for å drive August den sterke ut av Livland og Polen-Litauen. Peter den store tok Narva i eit nytt slag i 1704.

Slaget ved Narva
Del av den store nordiske krigen

Den svenske sigeren ved Narva av Gustaf Cederström, målt 1910
Dato 30. november 1700
Stad Narva, dagens Estland
Resultat Avgjerande svensk siger
Partar
Sverige Russland
Kommandantar
Karl XII[1]
Carl Gustav Rehnskiöld[1]
Otto Vellingk[1]
Fjodor Golovin[1]
Ivan Trubetskoj[1]
Adam Veyde[1]
Boris Sjeremetev[1]
Charles Eugène de Croÿ  #
Styrkar
10 537 (5 889 infanteristar, 4 314 kavaleristar, 334 artilleristar)[2] 30 000[2] til 35 000[3]
Tap
700–900 drepne, 1200 skadde[4] 8 000–10 000 drepne[4]
20 000 tekne til fange og avvæpna, men seinare sett fri[5]

180 kanonar og 230 standardar

Den store nordiske krigen

Bakgrunn endre

På 1600-talet hadde ikkje Russland kome like langt som resten av Europa. Dette gjaldt òg dei væpna styrkane deira.[6] Peter den store ønskte å utvide områda sine ved å erobre delar av dei svenske baltiske provinsane. Russland gjekk inn i ein allianse med Danmark-Noreg og August den sterke, konge av Polen-Litauen og kurfyrste av Sachsen, for å kunne gå til krig mot Sverige, der alle dei tre nasjonale gjekk til åtak på Sverige frå forskjellige kantar.[7]

Karl XII fekk støtte frå Royal Navy og den nederlandske marinen og gjekk i land ved Humlebæk nord for København og tvinga Danmark-Noreg til å forlate alliansen i august 1700 (fram til 1709).[8] Han flytta så delar av den svenske armeen over Austersjøen til Estland der han slo armeen saman med dei estiske og finske regimenta.

Den nye russiske tsaren, Peter I, gjorde store moderniseringar i Russland dei komande åra, men armeen som han hadde i 1700 var framleis dårleg innøvd. Peter hadde nytta utanlandske generalar og offiserar for å betre militæret sitt, men dei var enno ikkje tilvente. Sverige hadde på si side ein av dei best innøvde og best utstyrte armeane som fanst. Karl XII av Sverige hadde den mest komplette militærstyrken i Nord-Europa, sjølv om han ikkje var størst, og Peter var misunneleg på kor dyktig han var.[6]

I løpet av november hadde russiske styrkar kringsett den svenske byen Narva i Estland (som var ein del av Sverige på den tida), og prøvde å ta byen med ei omleiring. Ein saksisk-polsk arme kommandert av August II og Steinau var utanfor Riga i Svensk Livland. Den saksisk-polske armeen hadde derimot slått vinterleir sør for elva Daugava, så Karl XII valde å ta seg av den større russiske trugselen ved Narva først.

Kong Karl drog for å avløyse byen og presse styrkane til Peter tilbake til Russland.

Slaget endre

 
Russisk fane tatt i slaget ved Narva.

Den 30. november 1700[9] stilte Karl XII opp 8000 mann (2500 svenske soldatar heldt òg til i garnisonen inne i byen, men vart seinare med i slaget) ovanfor den russiske armeen, som bestod av om lag 33 000[10] til 35 000 mann.[3]

Den svenske armeen vart kommandert av Karl XII personleg, assistert av generalCarl Gustav Rehnskiöld.[1] Dei russiske styrkane vart kommanderte av tTsar Peter og Charles Eugène de Croy. Visstnok på grunn av viktige indre saker i Russland, måtte Peter forlate Narva berre nokre dagar tidlegare og var derfor ikkje med under sjølve slaget. Han stolte på kommandantane sine og rekna med at Karl ikkje ville gå til åtak med ein gong på dei sterkt befesta styrkane hans. Enkelte har meint at det var feigskap som gjorde at Peter forlet Narva, og store delar av Europa hånte tsaren etter slaget for at han drog sin veg. Historikarar har derimot peikt på at tsaren fleire gonger tidlegare hadde sett seg sjølv i stor fare og at det derfor truleg ikkje var feigskap som var årsaka.[11]

Det meste av dagen førte ein snøstorm til at det ikkje var mogeleg å gå til åtak. Midt på dagen snudde vinden, slik at snøen bles rett inn mot russarane. Karl nytta dette høvet til å angripe russarane, skjult av det dårlege vêret.[1] Svenskane gjekk til åtak i to kolonnar, og braut raskt gjennom den russiske linja, delte denne i tre og omringa dei.[9] Eit kritisk augneblink var då elva over Narova kollapsa under russarane då dei trekte seg attande og den ville flukta førte til at 8 000 mann og 145 kanonar gjekk tapt.[9] Dei gjenverande russarane i Narva overgav seg.[1]

Karl XII tok alle kanonane, muskettane og forsyningane til Peter, så dei gjenverande russiske styrkane hadde ikkje noko utstyr igjen. Om Sverige eller nokre andre hadde invadert Russland like etter Narva, ville truleg Peter ha vore makteslaus til å stoppe dei.[6]

Sigersmonument endre

 
Det svenske løvemonumentet i Narva i Estland

Den 20. november 2000 avdekte den svenske utanriksministeren Lena Hjelm Wallén eit minnesmerke til minne om sigeren. Det var reist med økonomisk støtte frå Det svenske instituttet og erstatta eit eldre monument som vart reist i 1936 og som forsvann under andre verdskrigen. Monumentet er forma som ei svensk løve og står på ein pidestall av granitt. På søyla står det på latinsk MDCC (1700) og Svecia Memor (Sverige hugsar).[12]

Det andre slaget endre

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Narva i 1704.

Fire år etter det første slaget ved Narva, marsjerte tsar Peter igjen inn for å erobre Narva. Med seg hadde han 45 000 mann. Garnisonen i Narva vart kommandert av generalmajor Henning Rudolf Horn af Ranzien og bestod av 3800 infanteristar og 1300 kavaleristar. Russarane stilte opp tre frontar og etter eit langvarig slag tok dei Narva. General horn, fleire offiserar og mange svenske soldatar vart tekne til fange, og svenskane tapte om lag 3200 mann. Russarane leid òg store tap, sjølv om dei vann, om lag 13 000 mann under omleiringa og det siste åtaket.

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 Black, Jeremy (1996). Warfare. Renaissance to revolution, 1492-1792. Cambridge Illustrated Atlases 2. Cambridge University Press. s. 111. ISBN 0521470331. 
  2. 2,0 2,1 Christer Kuvaja: Karolinska krigare 1660–1721, s.139. Schildts Förlags AB 2008. ISBN 978-951-50-1823-6.
  3. 3,0 3,1 Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. s. 230, 232. ISBN 978-0-582-06429-4. 
  4. 4,0 4,1 Christer Kuvaja: Karolinska krigare 1660–1721, s.147. Schildts Förlags AB 2008. ISBN 978-951-50-1823-6.
  5. Berre 135 høgare offiserar og nokre få soldatar vart tekne som permanente fangar.
  6. 6,0 6,1 6,2 Peter The Great - Swift
  7. Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. s. 228. ISBN 978-0-582-06429-4. 
  8. Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. s. 229. ISBN 978-0-582-06429-4. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. s. 230. ISBN 978-0-582-06429-4. 
  10. Englund, Peter (2003). The Battle That Shook Europe: Poltava and the Birth of the Russian Empire. London: Taurus. s. 37. ISBN 1860648479. 
  11. Massie, Robert K. (1980). Peter the Great, His Life and World. Ballantine Books. s. 341.
  12. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. november 2010, henta 14. november 2010 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Slaget ved Narva i 1700