Opna hovudmenyen

Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 51, 2014

Aktive diskusjoner

Forslag 1: LysEndra

Lys eller ljos er elektromagnetisk stråling som er synleg for det menneskelege auga og er grunnlaget for synsansen. Synleg lys er ein grunnleggjande faktor i vera til mennesket og andre organismar. Tilhøva mennesket har til ljoset har alltid hatt både praktiske, kjenslemessige og intuitive aspekt som uløyseleg hengjer saman, og det er få eller ingen andre ord som har så djupe og allsidig forgreina røter i kulturhistoria.

Dei viktigaste eigenskapane til synleg lys er intensitet, forplantingsretning, frekvens eller bølgjelengd og polarisering. Lysfarten i vakuum er 299 792 458 meter per sekund og er ein av dei fundamentale konstantane i naturen. I daglegtalen seier ein oftast at lyset har ein fart på 300 000 km i sekundet. Både synleg lys og all anna elektromagnetisk stråling flyttar seg alltid med denne farten i vakuum.

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 51, 2014».