Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 14, 2013

Forslag 1: Plog Ein flott, aktuell og jordnær artikkel!

Tre-skjers Kverneland løfteplog, med steinutløysar.

Plog er ein jordbruksmaskin som vert nytta for å snu torva, før det vert sådd eller planta. Føremålet med dette er å skjera av ugrasrøter og grava ned gamle planterestar for å unngå overføring av sjukdom til nye planter. Delvis nedbrotne planterestar frå tidlegare avlingar vert ført til overflate, der dei vert vidare brotne ned slik at næringsstoffa vert frigjorde og kan takast opp av nye planter. Bruk av tunge maskinar fører til at jorda vert pakka saman. Når torva vert snudd vert jorda løyst opp att og det kjem luft til, slik at bakteriane som bryt ned gamle planterestar får betre vilkår. Når torva vert snudd vert ho liggande i 45° vinkel og det vert ope rom under. Dette fører til at vatnet i staden for å renna av, sig ned i grunnen når det regnar. Dette gjer at jordsmonet syg til seg meir vatn, som røtene på plantene så kan suga til seg. Om ein spreier gjødsel før ein pløyer får ein molda gjødsla i same operasjonen.

Tidlegare vart plogar dregne av eit trekkdyr, som ofte var ein hest. I industrialiserte land vert det i dag berre nytta traktorplogar, men i mange utviklingsland vert det framleis nytta trekkdyr for pløying. Moderne traktorplogar er konstruerte for større fart enn hesteplogar og tidlege traktorplogar. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 14, 2013».