Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 32, 2007

Framlegg 1 Lyn endre

Såg ikkje nokon kandidatar som var opplagte i forhold til datoane (er mogleg eg oversåg noko?), men det lyner iallfall ein del på denne tida av året. --Erlend 01:02, 28 juli 2007 (CEST)

Eg er samd! Artikkelen er god for denne veka. Det er raude lenkjer på viktige emner som: elektrostatisk utladning, plasma, torebrak, jording, ionosfæren, elektrisk potensial, kosmisk stråling, statisk elektrisitet, St.Elms eld, lynavleiar, Elektromagnetisk puls, Amnesi, Trommehinne, grå stær og Faradaybur.
Artikkelen kan òg ha godt av litegrann språkvask. Hogne 14:30, 30 juli 2007 (CEST)
Ein elektrostatisk utladning står det her. Det er etter ordboka og etter dialektar. Skal vi rette til hankjønn i lyn og i samandraget eller er det rett og slett grunnlaust pirk? 212.17.141.53 23:33, 31 juli 2007 (CEST)
Etter ordboka er det vel rettare å korrigere til ei elektrostatisk utlading, sjå [1]. Ordet utladning står ikkje i nynorskordboka, medan ein ladning kan vere ei elektrisitetsmengd [2]. Men sidan raudblyanten har vore ein fiende av nynorsken, synest eg vi bør vere varsame med slikt pirk. - Knut 00:06, 1 august 2007 (CEST)
utlading ~lading f3 det å lade ut el. bli utladd; utstrøyming av elektrisitet. Så då er det vel ei utlading? Eg har vore inkonsekvent her. --Frokor 11:01, 1 august 2007 (CEST)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 32, 2007».