Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 45, 2011

Forslag 1:

Vilhelm Erobraren går i land i England.

Den normanniske erobringa av England byrja i 1066 då kongedømet England vart invadert av hæren til Vilhelm Bastarden, hertug av Normandie, sidan kalla Vilhelm Erobraren. Vilhelm sigra i slaget ved Hastings, og dette resulterte i at normannisk kontroll over det angelsaksiske England vart handfast etablert. Den normanniske erobringa var ein vesentleg og omveltande hending i engelsk historie av fleire årsaker. Han fjerna i stor grad den eksisterande herskande klassen og erstatta han med eit utanlandsk fransktalande monarki, aristokrati og prestehierarki.

Dette førte til ei omforming av det engelske språket og kulturen i England. Ved at England vart underlagt herskarar som hadde opphavet sitt i Frankrike vart England knytt tettare til kontinentet medan den tidlegare skandinaviske innverknaden vart langt mindre eller bortimot opphøyrde. Det sat òg i gang ei rivalisering med Frankrike som kom til å fortsetje uavbroten dei neste 750 åra, frå 1066 og fram til 1815. Det hadde òg store konsekvensar for resten av Dei britiske øyane, ved at det la vegen open for ein normannisk invasjon av Wales og Irland, og omfattande inntrenging i aristokratiet i Skottland av normanniske og andre fransktalande familiar, og innføringa av føydalt system i sørlege Skottland. Det er viktig å merke at normannarane ikkje var skandinavar, sjølv om ein del av forfedrane deira var det. Det var fransk føydal mellomalderkultur som omforma England, ikkje norrøn.


Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 45, 2011».