Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 48, 2012

Forslag 1:Det tysk-romerske riket

Keisarkrona til Det tysk-romerske riket frå 900-talet

Det tysk-romerske riket ar ei nemning på det gamle tyske imperiet som oppstod frå det karolingiske Austfrankarriket900-talet og vara fram til 1806 under napoleonskrigane.

Områda riket dekka over varierte gjennom historia, men på det største dekka det dagens Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein, Luxembourg, Tsjekkia, Slovenia, Belgia og Nederland, i tillegg til store delar av dagens Polen, Frankrike og Italia. Gjennom heile historia var Riket delt opp i hundrevis av mindre kongedøme, fyrstedøme, hertugdøme, grevskap, frie keisarbyar og andre einingar.

Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keisar. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i Det tyske forbundet (Deutscher Bund). Les meir …


Lita endring

endre

I opplistinga av land som var del av riket står Sveits med liten forbokstav. Kan noen fikse det? Bombadil (diskusjon) 26. november 2012 kl. 10:27 (CET)Svar

Fiksa, takk for rettinga. --Ranveig (diskusjon) 26. november 2012 kl. 10:49 (CET)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 48, 2012».