Wikipedia:Undervising

Bruk av Wikipedia og Wikimedia Commons i undervisinga

Wikipedia er eit oppslagsverk som har små og store artiklar om mange ulike emne. Tekstane kan gje ei rask innføring i eit tema og danna utgangspunkt for vidare lesing, både for den som underviser i eit emne, og den som skal læra om det.

All tekst på Wikipedia kan kopierast og brukast fritt vidare, så lenge ein oppgjev kjelden og let andre bruka det fritt vidare (etter den frie lisensen GFDL). Ein kan også bruka alle filer som finst på Commons og dei norskspråklege Wikipedia-prosjekta, men her må ein ofte oppgje filskaparen (som regel fotografen) i staden for.

Wikimedia Commons er ei samling frie filer. Prosjektet har mykje multimediamateriale, særleg bilete, som ofte held god kvalitet og alltid kan brukast fritt. Desse kan brukast til mellom anna å leira meir om eit tema, eller setja farge på undervising og presentasjonar.

Tanken bak begge prosjekta er ein optimistisk dugnadsidé som går ut på at menneske vil og kan samarbeida om å dela kunnskap og kultur på ein rettferdig og nøytral måte.

Korleis det verker endre

Nyttige peikarar

Wikipedia og dei nærskylde prosjekta er i utgangspunktet opne for at alle kan laga og endra sider. Ein kan skriva noko på ei side, lagra, og sjå endringa med ein gong. Alle kan sjå det som blir gjort av endringar, og eventuelt endra tilbake hærverk eller anna dei er ueinige i. Ein kan diskutera innhaldet på kvar side under «Diskusjon». Det er også mogleg å sjå tidlegare versjonar av kvar side under peikaren «Historikk»

Viktige sider, og dei som stadig blir utsette for hærverk, kan vernast for endringar. Brukarar kan også stengast ute frå å gjera endringar. Dette blir gjort ved at administratorar «blokkerer» eit brukarnamn eller ei heil IP-addresse i eit visst tidsrom.

Kan ein stola på det som står? endre

 
Folk kan legga inn kva dei vil på Wikipedia, men mykje blir teke ut igjen.

Forskjellen frå andre oppslagsverk er at artiklar i Wikipedia ikkje har nokon einskild redaktør som ser over innhaldet, men mange frivillige som kan gjera det, og forbetra eller stilla spørsmål ved det som står. Artiklane har òg ei forfattarliste der ein kan sjå skilnader, og eventuelt sjå gjennom andre endringar frå bidragsytarar for å avgjera om dei er til å stola på eller ikkje.

Det blir lagt inn tull på Wikipedia kvar dag (som regel i skuletida), men dette blir som regel retta opp med ein gong. Unøyaktige opplysingar og feiltolkingar er eit større problem, fordi dei er vanskelegare å få auge på. Wikipedia prøver å løysa det ved å oppmoda til at ein oppgjev kjelder for faktaopplysingar i fotnotar, og ved at ein kan ta opp spørsmål til innhald på diskusjonssida til ein artikkel. Som med alle kjelder må ein vera kritisk når ein les Wikipedia, og kontrollera viktige opplysingar mot andre kjelder. Det finst feil overalt, og ei kjend studie gjort av tidsskriftet Nature fann fleire faktafeil i det respekterte leksikonet Encyclopædia Britannica enn i Engelsk Wikipedia då det samanlikna artiklar om same emnet.[1] Likeeins syner ei undersøking i Stern i desember 2007 at Wikipedia er meir å stole på enn det kjende tyske leksikonet Brockhaus.[2]

Bruk av Wikipedia endre

Wikipedia kan brukast rett fram, som ein kjelde for faktastoff, av både lærarar og elevar. Artiklar på Wikipedia kan gje ei innføring i eit nytt emne, eller oppfrisking i eit gammalt, og peika vidare til interessante artiklar, andre nettstader og bøker som har med emnet å gjera. Ved sjølv å skriva om noko for Wikipedia vil ein beherska stoffet mykje betre enn om ein berre les det.

Oppslagsverket kan også brukast til å læra og studera språk. I margen til venstre for kvar artikkel finst ei liste over versjonar av artiklar om same emne på mange ulike språk, og ein kan til dømes trena seg i å omsetja frå fransk, tysk eller urdu, eller læra seg nye omgrep ved å lesa artiklar på språk ein studerer. Innan norskfaget kan det også vera interessant å sjå på skilnader mellom bokmål og nynorsk, eller finna ut kva ein bør gjera for å omsetja mellom desse.

Fenomenet Wikipedia er verdt eit studie i seg sjølv, sett i samanheng med til dømes interaktiv kultur, skriving eller lett koding på Internett, eller som trening i den nemnde kjeldekritikken.

Bruk av Wikimedia Commons endre

Bilete ein finn på Nynorsk Wikipedia, eller Wikipedia på bokmål og riksmål, kan alle brukast fritt vidare, men gjerne mot at ein oppgjev opphavsmannen. Det same gjeld stoff frå Wikimedia Commons, som har oppimot 2 millionar filer av bilete, lyd og film. Mange av desse filene er av god kvalitet og kan brukast til presentasjonar og som primærkjeldar.

Nokre filer frå Wikimedia Commons
Animert månelibrasjon. Blad av rundsoldogg
(Drosera rotundifolia).
Skadd bustadblokk
i Kyiv mars 2022.
Lydfiler
 
 
 

Første sats (Allegro non molto) av Vinter, frå Dei fire årstidene av Antonio Vivaldi

Fuglesong ved Báben sitt minnesmerke i Haifa i Israel.

Tala frå null til timandarinkinesisk.

Fleire


Wikipedia og skulearbeid endre

Det er verdt å merka seg at Wikipedia tillet kopiering så lenge ein held stoffet fritt og oppgjev kjelde, men at slik kopiering ofte ikkje er tilleten i skulearbeid. For ein lærar kan det vera lurt å vera klar over kva som står på Wikipedia, slik at ein raskt vil kjenna igjen tekst som er kopiert derfrå utan godkjenning.

Ein lærar kan gjerne oppmoda elevar til å legga ut gode tekstar på Wikipedia, men det bør ikkje vera del av eit påkravd skuleprosjekt. For det første baserer Wikipedia seg på frivillig arbeid og frigjering av stoff, og det vil krenka opphavsretten til elevar om ein tvinger dei til å frigjeva sine andsverk. For det andre kan det vera vanskeleg å tilpassa eit skuleprosjekt til Wikipedia – kva skal elevane gjera om fleire vil skriva om same emnet, og korleis vurderer ein arbeid om det bygger på ein tekst som ligg ute frå før? Wikiarbeid i skulen kan likevel vera ei god løysing, men då som regel som eit frittståande prosjekt. Det er mogleg å setja opp eit slikt med den frie programvaren til Wikipedia, eller finna ein annan open wiki-tenar.

Andre prosjekt endre

Det er også starta opp mindre prosjekt i sams bokskriving (Wikibooks), tekstsamling (Wikisource), sitatsamling (Wikifrasar), artsskildringar (Wikispecies), nyhendeteneste (Wikinytt) og ordbok (Wiktionary).