Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 2, 2016
Sichuan er ein provins i Kina. Provinsen dekker 485 000 km², og er den største provinsen i det sørvestlege Kina. Sichuan har 87 millionar innbyggarar (2004). Av desse er 98 % hankinesarar, mens resten høyrer til 14 av dei offisielle etniske minoritetane i Kina. Provinsen er fjellrik med mange elvar, den største og viktigaste er Chang Jiang. Provinshovudstaden er Chengdu.
Sichuan kan delast i to topografiske halvdelar: Sichuanhøgsletta i vest, og Sichuanbassenget (det raude bekken) i aust. Sichuanhøgsletta er del av den tibetanske høgsletta. Ho er eit fruktbart område med låge bakkar og elvesletter heilt omgitt av fjell. Mot vest og nord ligg grensa til Tibet, i sør ligg Yunnanhøgsletta og i aust finst eit fleire hundre kilometer breitt belte av åsar forma av Chang Jiang og tilflytande elvar. Elvesletta er eit fruktbart og produktivt landbruksområde. Det raude bekken har subtropisk klima og rikeleg sommarregn. Heile landskapet er oppdyrka, terrassert og kunstig vatna. Sichuan er rikt på naturressursar: kol, olje, naturgass, titan, kopar, vanadium, gull og salt. Det er svært tettfolka, men ettersom det er omgitt av fjell har det i tidlegare tider vore mykje isolert frå omverda. Frå 1950-åra har omfattande veg- og jarnbanebygging opna området. Les meir …