Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 16, 2010
Pakistan er eit land i Sør-Asia med grense til Iran, Afghanistan, India og Kina og kyst til Det arabiske havet. Landet er det sjette folkerikaste i verda (160 mill). Det er det andre største muslimske, etter Indonesia, og også det andre største sjiamuslimske etter Iran.
Pakistan blei danna som ein stat for muslimane i Britisk India i 1947. Landet var sett saman av to ikkje-samanhengande delar, og den austlege reiv seg laus i 1971 og blei til Bangladesh. Pakistansk historie har vore prega av politisk uro, militært styre og både indre og ytre konfliktar.
Landet dekker store delar av området der Indussivilisasjonen utvikla seg i oldtida. Det blei seinare påverka av vediske, persiske, greske og turko-mongolske og britiske innflyttarar og erobrarar, og har utvikla sine eigne hinduistiske, buddhistiske, muslimske og sikhistiske tradisjonar. Les meir …