Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 18, 2011
Jordskokk er ein fleirårig urt i korgplantefamilien. Planta kjem frå Nord-Amerika og blir dyrka for rotknollane. Knollane har vore viktig i nokre europeiske samfunn som dyrefôr og som menneskeføde. Planta vart i stor grad konkurrert ut av potetene da dei kom ut på 1700-talet. Knollane er ujamne og liknar litt på store ingefærrøter. I motsetnad til dei fleste andre knollar inneheld dei ikkje karbohydratet stive, men inulin (må ikkje forvekslast med insulin). Han kan difor vere veleigna i kosten til diabetikarar. Les meir …