Jordskokk

Jordskokk
Jordskokk
Jordskokk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Overstamme: Helianthodae
Stamme: Heliantheae
Slekt: Solsikkeslekta Helianthus
Art: Jordskokk H. H.
Vitskapleg namn
Helianthus H. tuberosus

Jordskokk (lat. Helianthus tuberosus) er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Planten kjem frå Nord-Amerika, og blir dyrka for rotknollane. Han blir normalt frå 1,5 til 3 meter høg, og får gule blomar som er mellom 5 og 10 cm breie.

Planten blir svært høg.
Foto: Kjetil Lenes

Knollane er ujamne og liknar litt på store ingefærrøter. I motsetnad til dei fleste andre knollar inneheld dei ikkje karbohydratet stive, men inulin (må ikkje forvekslast med insulin). Difor er jordskokk ei viktig kjelde for industriell framstilling av fruktose. Det gjer òg at dei lett blir til mos ved koking og at nokre lett får tarmgass av dei.

HistorieEndra

Jordskokken blei dyrka av urfolk i Nord-Amerika. Europearane oppdaga han då den franske oppdagaren Samuel de Champlain fann dyrka jordskokk ved Cape Cod i 1605. Knollane har vore viktig i nokre europeiske samfunn som dyrefôr og som menneskeføde. Planten blei i stor grad konkurrert ut av potetene da dei kom ut på 1700-talet.

Pyramidespel i USA i 1980-åraEndra

I 1980-åra blei jordskokken berykta i Midtvesten i USA då frøa blei nytta i eit pyramidespel. Det var ein liten marknad for frukta i den delen av USA på den tida, men bøndene fekk forsikringar om at det snart ville kome ein større etterspurnad. Dei som tente på dette var berre dei opphavlege distributørane og dei første bøndene (som selde sine frø til neste nivå av pyramiden). Mange av gardane som hadde store avlingar blei ruinerte.

DyrkingEndra

 
Jordskokk-knollar

Jordskokken er lett å dyrke. Til skilnad frå poteter toler han å overvintre ute. Den enklaste måten å dyrke han på er å spa opp åkeren kvar haust og samle inn det som finst av større røter. Neste år vil det spire av dei bitane som var att i åkeren. Jordskokken gjev rikeleg med næringsrike knollar og treng mykje gjødsel. Den har også godt av å bytte vekstjord med jamne mellomrom.

Jordskokken spreier seg både med knollar og frø. Knollformeiring er sikrast, men han sjølvsår seg også relativt ofte.

Jordskokken finst i vill tilstand i Noreg langs kysten frå Østfold til Vest-Agder.

EigenskaparEndra

Knollane har tynt, gulfiolett skal og lyst, sprøtt og saftig fruktkjøtt. Dei er næringsrike og har ein søtleg, nøtteaktig smak.

Jordskokk blir ofte rekna som ein sunn grønsak. Og har dei siste åra fått ein viss renessanse med auka sal. Jordskokk inneheld inulin, ca. 6 mg vitamin C, 560 mg kalium, 4,5 g kostfiber, 78 % vann, 0,0 g feitt og 253 kJ tilført energi per 100 gram matvare. Jordskokk er kalorifattig sidan han ikkje inneheld stive. Inulin er eit karbohydrat som ikkje påverkar blodsukkernivået, og jordskokk kan difor vere veleigna i kosten til diabetikarar.

Inulin blir rekna som eit kostfiber som har god verknad på tarmhelsa ved å favorisere dei sunne bifidio-bakteriane og hemme patogene bakteriar i tjukktarmen.

Jordskokk aukar også opptaket av kalsium, B-vitamin og andre mineral. Jordskokk er saman med sikori den viktigaste kjelda i industriell utvinning av fruktooligosakkarid.

I mat og drikkeEndra

Jordskokk-knollane skal vere heile, full av saft og ikkje ha sår, blaute flekkar eller mugg.

Knollane er vanlegast å nytte kokt attåt fjørfe eller anna kjøtt. Jordskokken skal børstast grundig, og bør kokast med skalet på. Det er også vanleg med jordskokksuppe, puré eller grateng. Skrelte jordskokkar kan kokast med litt fløyte i vatnet, slik at knollane ikkje blir misfarga. Det tynne skalet kan etast, men knollane blir som oftast skrelt.

Knollane kan òg nyttast rå i salatar og råkost. Knollane blir fort svarte etter dei er skrelte. For å motverke misfarging kan ein drype sitronsaft over.

BrennevinEndra

I Tyskland blir 90 % av jordskokkavlinga nytta til brennevin. I Baden har ein laga slikt brennevin sidan slutten av 1800-talet. Kjende merke er «Topinambur-Branntwein», «Topinambur», «Topi», «Rossler» og «Borbel».

Brennevinet luktar fruktig og har ein nøtte-søtleg smak. Karakteristisk er ein intens, men tiltalande jordsmak.

Det er viktig å vaske knollane grundig før destillering og fjerne alle restar av jord. Ved utilstrekkeleg reinhald får brennevinet ein ubehageleg smak og i verste fall kan det føre til dårleg gjæring.

Jordskokk-sprit blir også raffinert til brandyen «Red Rössler». Han har ein litt bitter og snerpen smak.

ForbrukEndra

I Noreg i 2010 var omsetninga av jordskokk hjå BAMA (ein leiane aktør på frukt- og grønsaksmarknaden) på om lag 40 tonn, av dette var 8 tonn produsert i Noreg. I tillegg blei det omsett jordskokk direkte frå dyrkarane til restaurantnæringa og forbrukarane.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Jordskokk
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.