Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 25, 2008
London er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sør i England ved elva Themsen. London er ein av dei største byane i Europa, har ei historie som strekker seg to tusenår attende, og har i løpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette området er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med valt borgarmeister og forsamling.
Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentra i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nær tre hundre år.
Sjølve byen har 7 500 000 innbyggjarar, men om ein reknar heile storbyområdet, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den største i EU etter folketal. Les meir…