Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 28, 2007

Gamle jernprodukt i Agatunet i Hardanger.

Jernframstillinga i Noreg har føregått i over 2000 år. Jern er eit viktig metall, og spor etter fortidas jernframstilling gjev eit unikt innblikk i produksjonen av ein av dei viktigaste råvarene i jernalderen og mellomalderen. Det har vore nytta fleire ulike framstillingsteknikkar, men prinsippet har likevel vore det same heilt til den moderne masomnen tok over for fullt i Noreg for ca 200 år sidan. Jernframstillinga føregjekk som oftast nær myr i utmark, område som er lite attraktive med tanke på jordbruk. Dette gjer at jernframstillingsplassane i mange tilfelle har fått liggje urørt, og er difor godt egna til arkeologiske undersøkingar.

Råstoffa ein treng til jernvinne er myrmalm og tre, men prosessen som fører til det ferdige jernet er likevel komplisert. Sjølv med all kunnskapen me i det moderne samfunn har om metallurgi, har ingen i nyare tid klart å framstille godt og smibart jern på same måte som dei gjorde i jernalderen og mellomalderen. Les meir…

Førre tre veker: HoggormCharlie ParkerSayyid Qutb