Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 33, 2006

Bjørnøya er ei øy i Barentshavet på 178 km² (74°18′N 19°06′E / 74.300°N 19.100°E / 74.300; 19.100). Øya blei oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisande Willem Barents 10. juni 1596. På veg inn til land møtte folka hans ein symjande isbjørn. Derav kjem namnet Bjørnøya (på nederlandsk: Beeren Eiland). Øya hører til Noreg politisk sett. Ho er ganske avsidesliggande og ligg eit stykke sør for Spitsbergen, men ho er ein del av øygruppa Svalbard. Ho er au ein del av Svalbard administrativt sett, og dermed underlagt Svalbardtraktaten. På grunn av den geografiske plassen øya ligg på er ho sia 1900-talet blitt stadig meir strategisk interessant, både frå ein militær, økonomisk og ressursmessig synsvinkel. Farvatna rundt Bjørnøya har vore eit av dei områda der omlasting av overfiska torsk har gått føre seg. Les meir ..