Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 37, 2008
Northland på New Zealand er ein av dei 16 regionane på New Zealand. Regionen ligg heilt nord på Nordøya, og administrasjonssentret ligg i byen Whangarei. Northland har låg busetnad og er den minst urbaniserte regionen på New Zealand; folketalet er 148 470 og 50 % bur i urbane område.
Iwi i Northland meiner at Kupe gjekk i land ved Hokianga nordvest i Northland, og regionen gjer derfor krav på å vera «fødestaden» til New Zealand. Nokre av dei eldste funna av māori kainga (fiskarlandsbyar) er funne her.
Northland er kjend for kauriskogane. Store skogar vart hogde ut på 1800-talet, men det er enno att somme område der desse sjeldne kjempetrea får veksa seg høge. Det største treet på New Zealand, Tāne Mahuta, står i skogområdet Waipoua Forest sør for hamna Hokianga Harbour. Les meir…