For edderkoppane med same namn, sjå Waipouaedderkopp.

Waipoua Forest er eit skogområde som byr på nokre av dei beste døma på kauriskogar som er att på New Zealand. Det er kjent for å ha att to av dei største levande kauritrea, Tāne Mahuta og Te Matua Ngahere.

Waipoua Forest
skog
Land  New Zealand
Kart
Waipoua Forest
35°36′52″S 173°33′28″E / 35.614518°S 173.557819°E / -35.614518; 173.557819
Wikimedia Commons: Waipoua Forest
Tāne Mahuta, 'Herren i skogen', er det største levande kauritreet på New Zealand

Waipoua Forest ligg regionen Northland og har samband med dei nærliggjande skogområda Waima og Mataraua Forests. Reservatet vart skipa i 1952. Det har den største førekomsten av nordbrunkivi i Northland. Den trua fuglearten gråflikfugl, (maori: kōkako), kan òg finnast her i dei mest høgtliggjande områda av skogdistriktet.

Skogen inneheld tre fjerdedelar av dei attverande kauritrea (Agathis australis) på New Zealand og dekkjer 25 km².

Waipoua Forest er også det offisielle namnet på ein busetnad som ligg i same området som skogen.

Historikk endre

Waipoua Forest vart kjøpt av maoriar i 1876 for litt over 2 000 pund. På den tid var området om lag 80 km² stort.

I 1885 vart Waipoua Forest lagt inn under lovreguleringane i State Forests Act, og eit område på 90 km² vart gjort til eit statleg skogsreservat. Ei av årsakene til at dette skogsområdet hadde sloppe unna øydeleggingar i tidlegare tider, var at det låg avsides og at det var vanskeleg å få ut tømmer derifrå.

I 1907 var Waipoua Forest og eit eller to mindre reservat dei einaste urørte statlege kauriskogane som var att.

I 1913 tilrådde eit offentleg utval i forstsaker at eit særskilt utpeika område på 0,8 km² i Waipoua Forest, og alle 50 km² i Warawara Forest skulle opprettast som nasjonale kauriskogar for folket på New Zealand.

I 1926 vart det bygt ein veg gjennom Waipoua Forest for å gje tilgang til landområda til nybyggjarar i nabolaget.

På 1940-talet vart det kjent at statleg forstvesen hogg kauri i Waipoua. I 1947 sende derfor miljøorganisasjonane Whangarei Progressive Society, Royal Forest and Bird Protection Society, Waipoua Preservation Society og andre organisasjonar over 50 000 underskrifter til Parlamentet og kravde at 160 km² i Waipoua skulle vernast for alltid, og ikkje rørast av menneske. Andre aksjonar følgde, og 2. juli 1952 vart eit område på over 80 km² gjort til skogsreservat.

Brannen i 2007 endre

Ein skogbrann trua Waipoua Forest tidleg i 2007. Brannen braut ut 1. februar etter at nokon hadde koka skjel over open eld på ei strand i nærleiken. Det gjekk med plantefelt med furu nær den verna skogen, og brannen øydela våtmarksvegetasjon av betydeleg økologisk interesse, og kom så nær som tre km frå Tāne Mahuta. Brannmannskap og frivillige greidde å stoppa brannen med hjelp frå helikopter og branngater. Furu for millionar av dollar brann opp, og mange fuglar av trua arter gjekk tapt, mellom dei reknar ein med så mange som 20 kiwifuglar. I alt gjekk det med over 2 km² vegetasjon i brannen.[1][2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Firefighters work to contain forest blaze». The New Zealand Herald. 2. februar 2007. Henta 2. februar 2007. 
  2. «Fire still burning near Northland forest». Arkivert frå originalen 3. februar 2007. Henta 2. februar 2007. 
  • Alfred Hamish Reed: The Story of the Kauri (1953)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Waipoua Forest