Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 39, 2006
Håkon IV Håkonsson var konge av Noreg i perioden 1217–1263. Han var son av Håkon Sverresson og Inga frå Varteig, og vart vald til konge av birkebeinarane i 1217. I løpet av Håkon si regjeringstid vart det slutt på borgarkrigane. Det siste opprøret vart leia av svigerfar hans, hertug Skule, som vart drepen i 1240. I 1247 vart Håkon krona av kardinal Vilhelm av Sabina i Bjørgvin, og den siste halvparten av regjeringstida hans var ei tid av fred og konsolidering av kongedømmet. Symbolet på denne perioden er Håkonshallen i Bergen. Les meir...