Vilhelm av Sabina

italiensk diplomat og prest

Vilhelm av Sabina eller Vilhelm av Modena[1] (ca. 118431. mars 1251) var ein kardinalbiskop i den katolske kyrkja. Han heldt eit kyrkemøte i Bergen i samband med Håkon IV Håkonsson si kroning i 1247 og var med på Skänninge møte i Sverige året etterpå, men han hadde også tidlegare vore med i kristninga av det nordlege Europa.

Vilhelm av Sabina

Statsborgarskap Latvia
Fødd ca. 1184
Piemonte
Død

31. mars 1251 (67 år)
Lyon

Yrke diplomat, katolsk prest, katolsk biskop
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Vilhelm av Sabina på Commons

Vilhelm var italienar, fødd rundt 1184 i Piemonte, og vart biskop i Modena i 1222. I 1224 vart han paveleg legat i Baltikum og det sørlege Austersjøområdet og bygde der opp den kyrkelege organisasjonen. Namnet hans førekjem i svenska journalar for første gongen i 1226, då i samband med stadfestinga av reglane for biskopsvisitasjonarGotland i Linköpings stift.

Han hadde tittel som kardinal, men blei i 1242 vald til kardinalbiskop av Sabina, etter ein region som ligg ca 50 kilometer nord for Roma i Italia. Kardinalembetet er etter paven den høgaste rangen innom den romersk-katolske kyrka. Kardinalkollegiet som under mellomalderen bestod av 10-15 personar vel frå og med 1000-talet paven, oftast nokon frå sin eigen krins. Det fomst tre gradar innan denne krinsen, det vil seie kardinalbiskopar, kardinalprestar og kardinaldiakonar.

Vilhelm av Sabina opptrer også i Jan Guillou si bok Arven etter Arn.

Fotnotar endre

  1. Andre namn er Guglielmo de Savoy, Guglielmo de Chartreaux og Guillelmus