Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 39, 2008
Historia til London strekker seg to årtusen tilbake, til då romarane grunnla Londinium ved bekken Walbrook på nordsida av Themsen i år 43. Byen har sidan hatt ei rik historie, med mange forskjellige fasar. Sidan grunnlegginga har London vokse til å bli den storbyen den er i dag. Den har stått i sentrum for det britiske imperiet og den industrielle revolusjon. Den blei lagt i oske av bybrannen, bomba under Blitzen og ramma av pest. I moderne tid er London eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentra i verda. Les meir…