Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 44, 2008

Kauritreet saman med ein person for å vise storleiken.

Agathis australis, best kjend som kauri, er eit stort kongleberande tre som finst nord for 38°S på NordøyaNew Zealand. Dei høgaste trea kan nå opp til 50 meter over skogbotnen. Diameteren til stammene kan verta over fem meter. Treet har glatt bork og små ovale blad. Kauriskogar er mellom dei eldste i verda. Føregjengarane til kauritreet dukka opp i juratida (for mellom 190 og 135 millionar år sidan). Med sitt uvanlege regenerasjonsmønster og samverknad med jordsmonnet, er treet i stand til å ta opp konkurransen med seinare utvikla og snøggare veksande planteslag. Trea kan vanlegvis leva i meir enn 600 år. Truleg er mange individ over 1000 år, men der er ingen sikre prov på at trea kan verta meir enn 2000 år gamle.

Det største eksemplaret det finst oppteikningar om var kjent som «Det store skrømtet». Lokalhistorikaren Alastair Isdale frå Thames skreiv at dette treet målte 8,54 meter i diameter og 26,83 meter i omkrins. Det gjekk med i ein brann omkring år 1890. Les meir…