Opna hovudmenyen
Avokado

Avokadofrukta, som opphavleg er eit bær, er rund til pæreaktig i fasongen og har ein nøtteaktig smak. Det læraktige skalet varierer med sortane frå grøn til mørkegrøn. Steinen inni ein vaksen frukt er om lag så stor som ein golfball. Fruktkjøtet er gulgrønt til gullgult, men fargar seg mørkt dersom det blir utsett for luft (pga. oksidering). Ordet «avokado» stammar frå nahuatl-ordet ahuacatl som også tyder ‘testikkel’. Spanjolane gjorde det om til «avocado» — eit uttrykk dei var vande med, sidan det var eit gammalt ord for ‘advokat’. Les meir...

Førre tre veker: Émile DurkheimSnøFri vilje