Ein golfball er ein ball særskilt laga for å spela golf med. Dagens golfballar er kjenneteikna av mange små groper på utsida for å betra flygeevna. Ballane er vanlegvis kvite, men finst òg i andre fargar, til dømes svart eller raud.

To golfballar.

I følgje Rules of Golf må slike ballar ikkje vega meir enn 45,93 gram, ha ein diameter mindre enn 42,67 mm, eller skilja seg noko særleg frå ei symmetrisk kule.

Historie endre

Dei første golfballane var laga av tre. Tidleg på 1600-talet tok ein så i bruk ein ball av kuskinn stoppa med gåsefjør, med eit lag måling utanpå. Denne ballen flaug så godt at han blei standardutstyr i over to hundreår.

 
Oppskoren ball saman med ein mynt.

I 1848 fann presten Robert Adams opp ein ball av guttaperka. Denne var både billigare å laga og kunne få overflata tilverka for betre aerodynamikk. I løpet av få år hadde denne ballen teke over idretten.

På 1900-talet tok ein til å laga ballar med fleire lag, først med ein massiv eller væskefylt kjerne, deretter eit lag gummi og eit tynt ytterskal. I dag lager ein ballar med to, tre eller fire lag frå ulike syntetiske material.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre