Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 50, 2010

Wollert Konow på 1880-talet

Wollert Konow (1845–1924) var ein norsk politikar (V, FrV), brukseigar og Noregs statsminister i 1910–1912. Han stod sentralt i striden om statsrådane sin møterett på Stortinget, den såkalla Statsrådssaka. Han vart seinare ein sentral kritikar av Sverdrup-regjeringa, som han og andre radikale venstremenn syntest var altfor moderat. Ved Stortingsvalet i 1888 var han ein av dei radikale venstremennene som vart «hogd ned» av dei moderate i Venstre og mista stortingsplassen.

Han var med på skipinga av Frisinna Venstre i 1909, og vart vald inn som stortingsrepresentant for pariet i 1910. Frisinna Venstre og Høgre gjorde eit godt val, og danna ei samarbeidsregjering med Konow som statsminister. Regjeringa var frå starten mislikt i Høgre-kretsar, og då Konow under ein tale til Bondeungdomslaget i 1912 omtala målsaka i positive vendingar, trakk Høgre-statsrådane seg frå regjeringa. Konow forsøkte fyrst å rekonstruere regjeringa, men måtte til slutt gå av. Les meir …