Wilhelm Röntgen

tysk fysikar
(Omdirigert frå Wilhelm Conrad Röntgen)

Wilhelm Conrad Röntgen (27. mars 184510. februar 1923) var ein tysk fysikar og vitskapsmann. Han arbeidde ved universitet i Würzburg, og oppdaga det som etter han har vorte kjent som røntgenstråler. Röntgen fekk den første Nobelprisen i fysikk i 1901.

Wilhelm Röntgen

Fødd27. mars 1845
Lennep
Død10. februar 1923
München
NasjonalitetWeimarrepublikken, Det tyske keisardømet, Kongedømet Preussen
Områdefysikk
Yrkefysikar, professor, ingeniør, forskar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Julius-Maximilian-universitetet i Würzburg
Universitetet i Giessen
Universität Straßburg
Universitetet i Hohenheim
Universitetet i Zürich
Alma materEidgenössische Technische Hochschule Zürich
Universitetet i Zürich
Universitetet i Utrecht
Universität Straßburg
Ludwig-Maximilians-Universität München
DoktorgradsrettleiarAugust Kundt
Gustav Zeuner
EktefelleBertha Röntgen
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Académie nationale de médecine
Physikalisch-medizinische Gesellschaft zu Würzburg
Accademia delle Scienze di Torino

Röntgen studerte på Eidgenössische Technische Hochschule i Zürich, og tok doktorgrad i 1869. I 1875 vart han professor i fysikk i Hohenheim, frå 1876 i Strasbourg, frå 1879 i Gießen, frå 1888 i Würzburg og til slutt frå 1900 til 1920 i München.

Röntgen arbeidde innan felta krystallografi, termodynamikk og elektrodynamikk.

Medan Röntgen eksperimenterte med elektrisitet, oppdaga han den 8. november 1895 ei ny form for stråling. Denne strålinga kalla han X-stråling, av di ho til då hadde vore ukjend. På mange språk vert denne nemninga framleis nytta (til dømes heiter det X-ray på engelsk), og Röntgen sjølv ynskte ikkje å knyta namnet sitt til strålinga. Trass i dette er nemninga røntgenstråling vanleg i Skandinavia og Tyskland.

Det fyrste røntgenrøyret vart framstilla i Stützerbach i Thüringen etter Röntgen sine instruksar.

Bakgrunnsstoff

endre