Opna hovudmenyen

Wilhelm Magelssen

norsk prest og politikar

Wilhelm Christian Magelssen (12. januar 186714. oktober 1930) var ein norsk prest og politikar for partiet Høgre, fødd i Søndre Land.

Wilhelm Magelssen
Wilhelm christian magelssen.jpg
Fødd 12. januar 1867
Søndre Land
Død

14. oktober 1930

Yrke politikar, prest
Wilhelm Magelssen på Commons

Prestesonen Magelssen tok examen artium i 1887, og vart i 1893 sjølv cand.theol. frå Universitetet i Kristiania. Deretter var han hovudlærar 1893-94 på Diakonhjemmet i Vestre Aker herad. Perioden 1895-1901 var han styrar ved den private mellomskulen i Fredriksvern. Sidan var han sokneprest i Dverberg frå 1905, i Sortland frå 1911 og i Vågan frå 1915. Deretter var han domprost 1920-25 i Tromsø og 1925-26 i Stavanger. Både i Fredriksvern, Langesund og Dverberg var han medlem i heradsstyret.

Den 5. mars 1926 vart Magelssen utnemnd til kyrkje- og undervisningsminister i den nyskipa Lykke-regjeringa, ein posisjon han hadde til 24. desember 1927. Til sist var Magelssen sokneprest i Vestre Aker kyrkje frå 1928 til han døydde etter berre to år i tenesta.

KjelderEndra