Wilhelm Reich
Wilhelm Reich (24. mars 1897–3. november 1957) var ein ukrainsk-amerikansk psykiater, psykoanalytikar og forfattar fødd av jødiske foreldre i Ukraina (då ein del av Austerrike-Ungarn). Han studerte medisin i Wien, og blei interessert i psykoanalyse og læra til Sigmund Freud.
Wilhelm Reich | |||
| |||
Fødd | 24. mars 1897 Dobrjanytsji | ||
---|---|---|---|
Død | 3. november 1957 Lewisburg | ||
Nasjonalitet | Austerrike-Ungarn, Austerrike, USA | ||
Område | psykoanalyse, body psychotherapy | ||
Yrke | psykiater, filosof, akademikar, seksualpedagog, skribent, psykoanalytiker | ||
Institusjonar | Vienna General Hospital Eduard Hitschmann Universitetet i Oslo New School for Social Research Orgonon | ||
Alma mater | Universitetet i Wien | ||
Doktorgradsrettleiar | Julius Wagner-Jauregg | ||
Ektefelle | Annie Reich, Elsa Lindenberg, Ilse Ollendorf | ||
Barn | Eva Reich, Lore Reich Rubin, Peter Reich |
Reich var ferdig utdanna lege i 1922, og same året starta han privat praksis som psykoanalytikar.
På 1920-talet braut han med Freud og danna ei eiga retning innan psykoanalysen: den såkalla «karakteranalysen». I 1930-åra meinte han å ha oppdaga ein fysisk energi, «orgon», som han meinte eksisterte i atmosfæren og i alt levande. Han utvikla instrument som han meinte kunne utnytta denne energien til å handsama sjukdommar som til dømes kreft.
I 1933 gav han ut boka Fascismens massepsykologi som vart forboden av nazistane, noko som mellom anna. førte han til Noreg. Frå 1939 budde han i USA der han heldt fram med forskinga på orgon. Orgonterapien førte til at praksisen hans i 1947 blei etterforska, og han fekk forbod mot å halda fram med denne forma for handsaming.
Wilhelm Reich hadde mange tilhengarar i det psykoanalytiske miljøet i Noreg, men fleire vart kritiske til orgonterapien. Av dei mest trufaste tilhengjarane i Noreg var Nic. Waal og Ola Raknes.