Wilhelm Saxild
Wilhelm Jens Gram Saxild (18. november 1825–23. september 1884) var ein norsk lærar, postmeister og stortingsmann, fødd i Norderhov i Buskerud.
Wilhelm Saxild | |
Fødd | 18. november 1825 |
---|---|
Død | 23. september 1884 (58 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | politikar |
Saxild var son til ein prokurator. Han voks opp i Trondheim og etter faren døydde, hos ein morbror i Kolvereid. Han studerte geologi og tok bergeksamen i 1846. I 1849 vart han styrar av krutverket tilhøyrande Kongsberg sølvverk. Året etter vart han timelærar ved middel- og realskulen i Larvik, før han atter var tilbake på Kongsberg 1852-54 som aspirant ved sølvverket. Adjunkt ved Kongsberg middel- og realskule frå 1854, i tillegg forstandar for den elementære bergskulen frå 1867. År 1877 tilsett som postmeister i Risør.
Saxild var 1. representant frå Kongsberg på Stortinget 1859-60, han var sekretær i næringskomite nr 1. Han døydde i Kristiania i 1884, under eit mellombels opphald.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914