Wilhelm Wilhelmsen (1872–1955)
Wilhelm Wilhelmsen (fødd 11. mars 1872 i Tønsberg, død 11. mai 1955 i Oslo) var ein norsk sjøkaptein og skipsreiar.
Wilhelm Wilhelmsen | |||
| |||
Fødd | 11. mars 1872 Tønsberg | ||
---|---|---|---|
Død | 11. mai 1955 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | reiar | ||
Barn | Tom Wilhelmsen | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Etter skippareksamen 1892 var han til sjøs fram til 1901 og året etter avla han dispasjøreksamen. På denne tida vart han òg medeigar i firmaet til faren sin, Wilh. Wilhelmsen.
Han vart i 1937 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og forfremma til kommandør med stjerne i 1945. Han var òg innehavar av den belgiske Leopold-orden, den franske Æreslegionen og den svensken Nordstjerneordenen. Han var æresmedlem i Det Norske Videnskaps-Akademi.
Han var son av skipsreiar Morten Wilhelm Wilhelmsen (Wilh. Wilhelmsen) og hustru Catharine Fredrikke Lorentzen. Han vart i 1904 gift med Engelke Julie Engelhart, dotter av amtmann Thomas von Westen Engelhart.
Wilhelmsen deltok under sommar-OL for Noreg i 1928 i Amsterdam med 4. plass i segling, 8-metersklassen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Wilhelmsen (1872–1955)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947