Wilhelm Wilhelmsen (1839–1910)
norsk skipsreiar, konsul og ordførar (1839–1910)
Morten Wilhelm Wilhelmsen, eller berre Wilh. Wilhelmsen (fødd 12. juli 1839 i Tønsberg, død 1910) var ein norsk skipsreiar, konsul og ordførar.
Wilhelm Wilhelmsen | |||
| |||
Fødd | 12. juli 1839 Tønsberg | ||
---|---|---|---|
Død | 16. november 1910 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | reiar | ||
Barn | Wilhelm Wilhelmsen, Halfdan Wilhelmsen | ||
Alle verv |
Wilh. Wilhelmsen grunnla i 1861 skipsmeklarfirmaet Wilh. Wilhelmsen. I 1865 vart barken «Mathilde» innkjøpt og starten på det som seinare skulle bli det største reiarlaget i Noreg var eit faktum. I 1886 hadde Wilh. Wilhelmsen vorte den største skipsreiaren i Tønsberg.
Wilh. Wilhelmsen var ordførar i Tønsberg i 1894.
Han vart i 1895 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han vart òg tildelt den franske Æreslegionen.
Han var far til skipsreiarane Wilhelm Wilhelmsen og Halfdan Wilhelmsen som var blant pionérane i overgangen frå seglskip til dampskip.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Wilhelmsen (1839–1910)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- The history of Wilh. Wilhelmsen Arkivert 2010-01-02 ved Wayback Machine.
- Oscar A. Johnsen: Tønsberg historie, bind 3, 1952–1954
- Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947