Opna hovudmenyen

William Shockley

amerikansk fysikar

William Bradford Shockley (13. februar 191012. august 1989) var ein amerikansk fysikar.

William Shockley
William Shockley, Stanford University.jpg
Fødd13. februar 1910
London i Storbritannia
Død12. august 1989 (79 år)
Stanford i California i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdehalvleiarfysikk
Yrkefysikar, oppfinnar, universitetslærar
InstitusjonarBell Laboratories
Stanford University
Alma materCaltech
MIT
DoktorgradsrettleiarJohn C. Slater
Kjend forMedoppfinnar av transistoren
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society
Ku Klux Klan

I 1956 mottok han Nobelprisen i fysikk, saman med John Bardeen og Walter Houser Brattain, for å ha oppfunne transistoren.

Han var tilsett ved Bell Telephone Co. sitt laboratorium frå 1936 til 1942 og frå 1945 til 1955, då han vart direktør for Shockley-laboratoriet for elektriske halvleiarar ved Beckman Instruments, Inc., California, og frå 1963 til 1975 professor ved Stanford University. Shockley har gjeve viktige bidrag til forståinga av fysikalske tilhøve i elektriske halvleiarar. Han var leiar av den forskingsgruppa ved Bell-laboratoria som utvikla den første transistoren (spisskontakt-transistoren) i 1947 og flatekontakt-transistoren i 1951.

Shockley er òg kjent for undersøkingar av ferromagnetisme og av metall sine plastiske eigenskapar. Han har utgjeve mange vitskaplege og tekniske publikasjonar. Mest kjent er boka Electrons and Holes in Semiconductors.

KjelderEndra

div class="references-small">