William Sigei
William Sigei (fødd 11. oktober 1969) er ein tidlegare langdistanseløpar frå Kenya.
William Sigei | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 11. oktober 1969 (55 år) |
Idrett | friidrett |
Utmerkingar | Bislett-medaljen |
William Sigei vann VM i terrengløp både i 1993 og i 1994. I 1994 sette han ny verdsrekord på 10 000 meter på tida 26,52,23 på Bislett stadion i Oslo. For denne prestasjonen fekk han Bislett-medaljen. Rekorden hans heldt til 1995, då Haile Gebrselassie slo han. Dagens verdsrekordhaldar på 10 000 meter er Kenenisa Bekele frå Etiopia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «William Sigei» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2012.