Opna hovudmenyen

Willis Tower, også kalla «Sears Tower» er ein skyskrapar i Chicago i delstaten Illinois i USA. Tårnet er 442 meter høgt, og var verdas høgaste bygning frå opninga i 1973 og fram til Petronas Towers i Kuala Lumpur stod ferdige i 1998. Willis Tower ragar 108 etasjar over asfalten på nedre Chicago og har innehalde kontor for ei rekke handels- og finansinstitusjonar.

Willis Tower
Sears Tower ss.jpg
Offisielt namnWillis Tower
KallenamnSears Tower
StadChicago i USA
EigarSears Roback Company
ArkitektSkidmore & Owings
Påbegynt1970
Opnamai 1973
HøgdTak: 442 m. Spir: 527 m.
StilInternational Style
Tidlegare namnSears Tower

Namnet Sears Tower kjem av organisasjonen Sears, Roebuck & co som bygde tårnet for å plassera alle sine tilsette i same bygningen. Tårnet vart teikna av den amerikanske arkitekten Fazlur Khan saman med Bruce Graham. Bygningen skifte offisielt namn til Willis Tower i 2009.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Willis Tower