Internasjonal stil

Internasjonal stil (engelsk International Style) er ein arkitekturstil som, med føregangarar under mellomkrigstida, dominerte arkitekturen internasjonalt frå byrjinga av 1950-talet til midten av 1970-talet.

Glaspaleis i Heerlen i Nederland teikna av Frits Peutz (1935).
Hötorgsskraporna i Stockholm

Omgrepet blei opphavleg laga før utstillinga som Philip Johnson arrangerte på Museum of Modern Art i New York i 1932. Utstillingskatalogen som Johnson skreiv til utstillinga saman med Henry Russel Hitchcock fekk nettopp tittelen The International Style.[1] Katalogen skildra bygningar frå perioden 1922-1932 som ikkje berre nytta det som blei sagt vera det viktigaste strukturelle og konstruktive elementet i moderne arkitektur – det indre rammeverket av stål eller betong – men som også aksentuerte denne berande strukturen gjennom å fjerna berande vegger og behandla heile bygningsvolumet som meir eller mindre sammanvovne abstrakte volum. Viktige førebilete var Frank Lloyd Wright, Deutscher Werkbund, Bauhaus og De Stijl. Av enno større tyding blei Le Corbusier sin Villa Savoye der veggene var tydeleg viste fram som tynne membranar gjennombrotne av horisontale vindaugeband og heile husvolumet var definert av dei (abstrakta) flaumane som skulle strøyma gjennom det.

Utstillingskatalogen kom gjennom den strategisk valde tittelen sin, den detaljerte analysen og store påverknaden til å bli definerande for stilretninga som følgde og som kom til å totalt dominera arkitekturen internasjonalt i fleire tiår etter andre verdskrigen. Fleire av dei viktigaste representantane hans hadde flykta frå Nazi-Tyskland og Sovjetunionen under Stalin, (til dømes Mies van der Rohe), noko som gjorde at heile stilen, saman med modernismen generelt, kom til å assosierast med dei liberale demokratia i vest. På så måte fekk stilen eit eineståande gjennombrot etter krigen, på begge sidene av Atlanteren. På denne tida hadde stilen gått over frå å vera ei diversifisert, eksperimentell rørsle til ein meir konform og formalistisk stil som kombinerte prefab-teknologi med repetitive fasadeelement.

Le Corbusier fekk i oppdrag til å utvikla ein ny type av bustad basert på dei nye ideane – Unité d'habitation blei bygt som ein prototyp i Marseille 1946-1952 – og gjennomførte fleire storskalaprosjekt i India. I USA og øvrige verda vart stilen normskapande og nokre av dei best kjende bygningar er SN-bygningen og Seagram Building i New York. I Noreg er Kalmarhuset i Bergen, Villa Stenersen i Oslo og Ingierstrand bad i Nordre Follo døme.[2] Svenske døme er Folksamhuset og Hötorgshusen.

Allereie då internasjonal stil slo gjennom møtte han motstand, og innan kort tid hadde ei motrørsle teke form: strukturalismen som blei ein føregangar for postmodernismen.

Kjelder endre

  1. «International Style | MoMA», The Museum of Modern Art (på engelsk), henta 12. oktober 2021 
  2. Marion Federl. «Internasjonal stil i arkitekturen». NDLA. Henta 12. oktober 2021.