Willy Ørnebakk

norsk politikar

Willy Arne Ørnebakk (fødd 5. mai 1960) var sametingsrepresentant for Arbeiderpartiet i perioden 2005-2009. Han vart vald inn frå Nord-Troms valkrins. Han var sametingsrepresentant også i periodane 1997-2001 og 2001-2005, og har sete i Storfjord kommunestyre sidan 1991.[1]

Willy Ørnebakk
Willy oernebakk (cropped).jpg
Fødd5. mai 1960 (62 år)
Stokmarknes
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Han tok over som fylkesrådleiar i Troms etter Cecilie Myrseth frå juni 2017.[2]

Ørnebakk er gardbrukar og er busett i Skibotn i Storfjord kommune.[3]

Ved Sametingsvalet i 2009 var Ørnebakk fyrstekandidat på Arbeidarpartiet si liste i Gáisi valkrins.[3]

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.