Parlamentarisme i kommunar

(Omdirigert frå Fylkesråd)

Parlamentarisme i kommunar er ein måte å styre norske kommunar eller fylkeskommunar som er eit unntak frå kommunelova sin hovudmodell om formannskap. Parlamentarismen i norske kommunar er ganske lik parlamentarismen i Noreg. Det tyder at eit Byråd/Kommuneråd eller Fylkesråd styrer, men er avhengig av å ha tillit frå eit fleirtal i kommunestyret eller fylkestinget. Ein kommune eller eit fylke med parlamentarisme har ikkje formannskap eller fylkesutval. Ordføraren si rolle er og avgrensa til å vere ordstyrar og representere kommunen eller fylket. Rådet vil vanlegvis få seg delegerte dei fullmaktene som formannskapet og andre utval i kommunestyre ellers har. Det er kommunestyret eller fylkestinget som avgjer kor omfattande delegeringa til rådet skal vere. I ein kommune eller ein fylkeskommune med parlamentarisme fell stillinga som rådmann bort. Rådet overtar leiinga av administrasjonen.

Det er føreslått at denne sida blir fletta med byparlamentarisme. Oppgjeven årsak: Små nyansar mellom parlamentarisme i by/kommune og fylkeskommune. (Sjå eventuelt (diskusjon))

Kommunar med parlamentarisme endre

Fylkeskommunar med parlamentarisme endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Lægland, Martin (28. oktober 2019), «Nå er Prestbakmo valgt som ny fylkesordfører for Troms og Finnmark», folkebladet.no (på norsk bokmål), henta 3. desember 2020 

Bakgrunnsstoff endre