Distriktet Winterthur

Winterthur er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg aust i kantonen, der det grensar mot kantonen Thurgau. Distriktet Winterthur hadde 153 386 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 251 km2. Nokså nøyaktig 2/3 av folket i distriktet bur i byen Winterthur, som er hovudstad.

Winterthur
Bezirk Winterthur
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Winterthur
Areal 251,25 km²
Folketal 153 386  (31. desember 2010)
Kommunar 21
Kart
Distriktet Winterthur
47°30′00″N 8°46′00″E / 47.5°N 8.7666666666667°E / 47.5; 8.7666666666667
Wikimedia Commons: Winterthur (district)

Distriktet omfattar 21 kommunar. Einast Winterthur har meir enn 10 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Altikon, Bertschikon, Brütten, Dägerlen, Dättlikon, Dinhard, Elgg, Ellikon an der Thur, Elsau, Hagenbuch, Hettlingen, Hofstetten, Neftenbach, Pfungen, Rickenbach, Schlatt, Seuzach, Turbenthal, Wiesendangen og Zell.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Distriktet Winterthur