Michael Rother

tysk musikar

Michael Rother (fødd 2. september 1950) er ein tysk eksperimentell krautrock-musikar og komponist.

Michael Rother

Rother på scenen i november 2007
Fødd2. september 1950 (73 år)
FødestadHamburg
OpphavTyskland
Aktiv1971 (med Kraftwerk)
1971–1975, 1985–1986 (med Neu!)
1973–1976, 2007- (med Harmonia)
1976- (solo)
SjangerKrautrock, Kosmische Musik, proto-punk, kunstrock, elektronisk musikk
InstrumentGitar, klaverinstrument
PlateselskapBrain, Sky, Polydor, Random
Verka somMusikar

Tidleg liv endre

Rother vart fødd i 1950 og gjekk på skule i München, Wilmslow (England), Karachi og Düsseldorf. Han budde òg i Pakistan tidleg i 1960-åra, der han vart eksponert for pakistansk musikk som skulle kome til å påverka hans eigen musikk seint i 1960- og tidleg i 19970-åra.[1] Frå 1965 spelte Rother i bandet Spirits of Sound og frå dette bandet skulle andre medlemmar seinare starte Kraftwerk og Wunderbar.

Musikkarriere endre

 
Michael Rother på scenen i 2007
 
Michael Rother (venstre) & Dieter Moebius (høgre) på scenen i 2007

Rother spelar mange instruement (hovudsakleg gitar og klaverinstrument) og i tillegg til mange soloalbum frå 1977 og frametter, er han mest kjend for å ha starta den tyske gruppa Neu! med trommeslagar Klaus Dinger (fem album mellom 1971 og 1996), og for samarbeidet sitt med Hans-Joachim Roedelius og Dieter Moebius (kalla Cluster) under namnet Harmonia (to album, 1974 og 1975, og seinare studioinnspelingar i 1976 med Brian Eno).[2] Rother og Dinger spelte begge i ein kortvarig versjona av Kraftwerk i 1971, med Florian Schneider, ein periode då bandmedlemmet Ralf Hütter hadde slutta i bandet for ei stund. Denne varianten av bandet spelte på det tyske TV-showet Beat Club.

Frå seint i 1970-åra byrja Rother å gje ut plater under sitt eige namn: Flammende Herzen (1977), Sterntaler (1978) og Katzenmusik (1979), alle med trommer av Can-trommeslagaren Jaki Liebezeit. Seinare album var Fernwärme (1982), Lust (1983), Süssherz und Tiefenschärfe (1985) og Traumreisen (1987). Rother fekk rettane til dsse utgjevingane seint i 1990-åra og gav dei alle ut på CD, alle med bonusspor. I 1996 gav han ut Esperanza og det nyaste albumet hans er Remember (The Great Adventure) som kom i 2004.

1. juli 2007 vart Michael Rother med Red Hot Chili Peppers for ein live jam mot slutten av konserten deira i Hamburg. I lag spelte dei nesten i 25 minuttar føre 35 000 menneske.[3] I november 2007 turnerte han med Dieter Moebius (eit anna medlem av Harmonia) som Rother & Moebius.[4] 27. november 2007 vart Harmonia samla for ein konsert i Berlin, der dei spelte i lag på scenen for første gong sidan 1976.[5][6]

I 2010 spelte Rother fem konsertar i Europa med Sonic Youth-trommeslagar Steve Shelley og Tall Firs-gitarist Aaron Mullan (som spelte bass i trioen).[7] Denne gruppa, kalla Hallogallo, spelte musikken til Neu! for første gongen på mange år.

Diskografi endre

Studioalbum
År Detaljar
1977 Flammende Herzen
1978 Sterntaler
  • Selskap: Sky Records
1979 Katzenmusik
  • Selskap: Sky Records
1982 Fernwärme
1983 Lust
  • Selskap: Polydor Records
1985 Süssherz & Tiefenschärfe
  • Selskap: Polydor Records
1987 Traumreisen
  • Selskap: Polydor Records
1996 Esperanza
  • Selskap: Random Records
2004 Remember (The Great Adventure)
  • Selskap: Random Records, WEA, Gang Go Music
Samlealbum
År Detaljar
1993 Radio - Singles, 1977–1993
  • Selskap: Random Records
1998 Chronicles I
  • Selskap: Purple Pyramid

med Neu! endre

År Detaljar
1972 Neu!
1973 Neu! 2
  • Selskap: Brain Records
1975 Neu! '75
  • Selskap: Brain Records
1995 Neu! 4
  • Selskap: Captain Trip Records
1996 Neu! '72 Live in Dusseldorf
  • Selskap: Captain Trip Records
2010 Neu! '86

med Harmonia endre

År Detaljar
1974 Musik von Harmonia
  • Selskap: Brain Records
1975 Deluxe
  • Selskap: Brain Records
1997 Tracks & Traces (Harmonia '76/Harmonia & Eno '76)
2007 Live 1974
2010 Tracks and Traces Remixed (Harmonia & Eno '76)
  • Selskap: Grönland Records

med Hallogallo 2010 endre

  • «Blinkgürtel» (desember 2010, Vampire Blues)

Kjelder endre

  1. Frå eit intervju med Michael Rother på Sound Opinions, 4. oktober 2010.
  2. Bluefat Issue 6, 2010
  3. «Michael Rother's official site, news: " Michael Rother jamming with Red Hot Chili Peppers"». 10/07/2007. Arkivert frå originalen 7. juni 2015. Henta 24. mars 2013. 
  4. «Michael Rother's official site, news: "Rother & Moebius concerts in November 2007"». 29. oktober 2007. Arkivert frå originalen 7. juni 2015. Henta 24. mars 2013. 
  5. «Michael Rother's official site, news: "Harmonia album "Live 1974" out now/Harmonia concert on 27th Nov. 2007"». 25. oktober 2007. Arkivert frå originalen 7. juni 2015. Henta 24. mars 2013. 
  6. «Worldtronics 2007. Festival of Elektronisk musikk. 27.11.2007 - 01.12.2007». Henta 24. mars 2013. 
  7. «Michael Rother's official site, news: "Michael Rother/Steve Shelley/Aaron Mullan trio debut in Europe"». Arkivert frå originalen 2. april 2012. Henta 24. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff endre