World Idol var den fyrste og einaste internasjonale versjonen av fjernsynsserien Idol, og vart arrangert i desember 2003, medan vinnaren vart presentert 1. januar 2004. Deltakarane var dei fyrste nasjonale Idol-vinnarane frå 11 nasjonar. Etter å ha presentert deltakarane skulle sjåarane frå dei 11 deltakande nasjonane røyste på kven dei syntest var flinkast, utan å røyste på deltakaren frå sitt eige land. Alle deltakarane song på engelsk bortsett frå Diana Karazon frå Saudi-Arabia som song på arabisk. Vertane for programmet var dei britiske programleiarane «Ant og Dec».

Idol-dommaren Simon Cowell var svært kritisk til formatet, og gjekk så langt som å seie at han hata det. Han meinte òg at det førte til at vinnarane frå dei 10 landa som ikkje vann World Idol ville verte sett på som taparar. Han deltok likevel som dommar i programmet.

DeltakararEndra

11 land har deltatt minst ein gong i tevlinga. Her er ei oversikt over desse landa etter kva for år dei debuterte:

År Land som debuterte i tevlinga
2003   Australia,   Belgia,   Canada,   Nederland,   Noreg,   Polen,   Saudi-Arabia,   Storbritannia,   Sør-Afrika,
  Tyskland,   USA

VinnararEndra

År Vertsby og land Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2003 London i Storbritannia   Noreg «Beautiful Day» Kurt Nilsen Engelsk

ResultatEndra

Poenga vart gjevne på same måte som i Eurovision Song Contest, og var:

Plassering Deltakar Land Poeng Song Original artist
1 Kurt Nilsen   Noreg 106 «Beautiful Day» U2
2 Kelly Clarkson   USA 97 «You Make Me Feel (Like A Natural Woman)» Aretha Franklin
3 Peter Evrard   Belgia 83 «Lithium» Nirvana
4 Heinz Winckler   Sør-Afrika 80 «I Don't Want To Miss A Thing» Aerosmith
5 Will Young   Storbritannia 72 «Light My Fire» José Feliciano
6 Ryan Malcolm   Canada 62 «He Ain't Heavy, He's My Brother» The Hollies
7 Guy Sebastian   Australia 56 «What A Wonderful World» Louis Armstrong
8 Alicja Janosz   Polen 55 «I Don't Know How To Love Him» Jesus Christ Superstar
9 Alexander Klaws   Tyskland 45 «Maniac» Michael Sembello
10 Diana Karazon   Saudi-Arabia 45 «Ensani Ma Binsak» Diana Karazon
11 Jamai Loman   Nederland 36 «Sorry Seems To Be The Hardest Word» Elton John

DommararEndra

Det var med dommarar frå alle deltakande nasjonar. Dommarane var:

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.