Wray Castle er ein viktoriansk bygning i nygotikk i Claife i Cumbria i England. Huset og eigedommen rundt har tilhøyrt National Trust sidan 1929, men huset er berre nyleg blitt permanent opna for publikum.[1] Eigedommen omfattar delar av breidda mot innsjøen Windermere, og er open heile året. Han er kjend for fleire store tre av ulike slag – Wellingtonia, redwood, Ginkgo biloba, sørgelind og ulike typar bøk.

Wray Castle

Kart
Wray Castle
54°24′01″N 2°57′51″W / 54.4003°N 2.96417°W / 54.4003; -2.96417

Mellom mars og oktober driv Windermere Lake Cruises ei passasjerferje frå Ambleside og Brockhole National Park Visitor Centre til Wray Castle.[2]

Historie endre

 
Wray Castle i 2014
 
Inne frå Wray Castle

Herskapshuset blei bygd i 1840 for ein pensjonert kirurg frå Liverpool, James Dawson, som også bygde Wray Church i nærleiken med middel frå kona sin formue. Etter at Dawson døydde i 1875 blei eigedommen arva av den femten gamle nevøen hans, Edward Preston Rawnsley. I 1877 blei ein fetter av Edward, Hardwicke Rawnsley, utnemnd til prest ved Wray Church. Rawnsley var inspirert av John Ruskin sine idear om å verna landsbygda mot øydeleggjande utbygging, og forma ideen om ein organisasjon som kunne verna stader av naturleg venleik og historisk interesse for nasjonen. Dette var grunnlaget for skipinga av National Trust.

Bygningen er også knytt til ein annan viktig støttespelar for National Trust, Beatrix Potter, som budde her i ein sommarferie då ho var 16, i 1882. Ho kjøpte ein liten gard i Claife, Hill Top, i 1905 med inntekter frå den fyrste boka si, The Tale of Peter Rabbit. Seinare kjøpte ho store landområde i nærleiken, men ho åtte aldri sjølve herskapshuset. I 1929 blei Wray Castle og eigedommen på 64 acre (260 000 m2) gjeve i gåve til National Trust av sir Noton og lady Barclay.

Etter at National Trust blei eigarar av eigedommen har han blitt brukt til ei rekkje føremål. Ei kort tid frå 1929 var det ungdomsherberge.[3] I tjue år frå 1931 husa bygninigen kontora til Freshwater Biological Association.[4]

Frå 1958 til 1998 var det treningsskule for radiooffiserar i handelsmarinen (RMS Wray Castle). Opptil 150 kadettar budde på staden medan dei studerte prosedyrane og reglane for bruk av radio for Safety of Life at Sea.[5]

Global Maritime Distress and Safety System eller GMDSS blei innført i 1988, og alle skip måtte vera utstyrt med det i 1999. Dermed blei det slutt på radiooffiserar. I 1995 forlet den siste 'Radio Officer' staden og skulen gjekk over til ROV og generell telekomtrening. Han forlet Wray Castle i 2004.

I 2011 føreslo National Trust at dei kunne leia ut bygningen, som no var umøblert, for bruk som hotell.[6] Det blei likevel bestemt at han skulle opnast for vitjande den sesongen. Høge besøkstal viste at bygningen, som i sin tomme tilstand var særskild barnevennleg, hadde eit tydeleg potentias som turistattraksjon. I 2014 søkte National Trust om løyve til å endra bruken av den verna bygningen til attraksjon.[7]

Minne endre

Eit skip, «Wray Castle», er kalla opp etter staden. Dette var eit av fem store fartøy bygt ved Williamson-verftet i Workington for Lancaster Shipowners Company. Dei andre var «Greystoke Castle», «Lancaster Castle», «Lowther Castle» og «Pendragon Castle». «Wray Castle» var det fjerde, eit firemasta jarnskip sjøsett i mars 1889.

Kjelder endre

  1. For information on opening times and dates see the National Trust website
  2. «Green Cruise». Windermere Lake Cruises. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 12. juni 2018. 
  3. Townley Macan, Thomas (1970). Biological studies of the English lakes. Longman. s. 22. 
  4. «The Freshwater Biological Association at Wray Castle: Recollections of its first director» (PDF) 1 (1). 1991: 24–28. ISSN 0961-4664. Henta 15 August 2013. 
  5. Sharp, Paul; Hatt, E.M. (1965). Follies. Taplinger Publishing. s. 105. 
  6. «Last peek at Wray Castle before it's a hotel». Westmorland Gazette. 2011. Henta 8 April 2014. 
  7. «Historic Lake District home aims to be official attraction». 

 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Wray Castle