Wubboldbreen
Wubboldbreen er ein bratt isbre, 15 km lang, som flyt sør frå Havre Mountains nord på Aleksanderøya i Antarktis. Isbreen flyt ut i Lazarev Bay, nord for Mount Holt. Isbreen vart fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947 og vart kartlagt frå fotografi av Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser J.H. Wubbold, i USCG, befalshavande på USCGC «Northwind» under U.S. Navy Operasjon Deepfreeze i 1977.
Wubboldbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 69°20′S 71°35′W / 69.333°S 71.583°W | ||
Lengd | 15 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wubboldbreen 69°20′00″S 71°35′00″W / 69.3333°S 71.5833°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wubbold Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).