Lazarev Bay
Lazarev Bay er ei bukt som skil Aleksanderøya frå Rothschild Island og grensar i sør til Wilkins isbrem som møter austsida av Rothschild Island og vestsida av Aleksanderøya (delvis Cape Vostok, Havre Mountains og Lassus Mountains). Nordkysten av Aleksanderøya vart oppdaga frå avstand av ein russisk ekspedisjon i 1821 under Fabian Gottlieb von Bellingshausen. Bukta vart først kartlagd frå flyfoto teken av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947-48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Ho vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter løytnant Mikhail Petrovitsj Lazarev (1788-1851), nestkommanderande på den russiske ekspedisjonen og offiser på sluppen «Mirnyy». To mindre øyar ligg inne i isen i Wilkins isbrem med Lazarev Bay, Dint Island og Umber Island.
Lazarev Bay | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 69°20′S 72°0′W / 69.333°S 72.000°W | ||
Lengd | 28 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lazarev Bay 69°20′00″S 72°00′00″W / 69.3333°S 72°W | |||
Sjå òg
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lazarev Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).