Yacouba Isaac Zida

Yacouba Isaac Zida (fødd 16. november 1965) er ein burkinsk offiser som ei kort tid var president for Burkina Faso etter at Blaise Compaoré blei avsett. Deretter blei han statsminister i overgangsregjeringa leia av Michel Kafando.

Yacouba Isaac Zida

Fødd16. november 1965 (59 år)
Yako i Øvre Volta (no Burkina Faso)
Statsborgar avBurkina Faso
PartiSjølvstendig
Yrkemilitær, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Ouagadougou
Université de Lyon
Université Jean-Moulin-Lyon-III
MedlemRegiment of Presidential Security
VervPresident i Burkina Faso (1. november-18. november 2014)
FøregangarBlaise Compaoré
EtterfylgjarMichel Kafando
VervStatsminister i Burkina Faso (19. november 2014-)
FøregangarLuc-Adolphe Tiao
VervForsvarsminister i Burkina Faso (23. november 2014-)
Alle verv
  • Burkina Fasos president (2014–2014)
  • Burkina Fasos statsminister (2014–2015)
  • Burkina Fasos statsminister (2015–2015) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Zida er fødd i Yako nord i landet. Han studerte engelsk ved Universitetet i Ouagadougou før han gjekk inn ved militærakademiet Georges Namoano de Pô. Han har også ein mastergrad i internasjonal leiing frå Université Lyon III.[1] Han snakkar mossi (mòoré), dioula, fransk og engelsk flytande.

Militært har Zida oppnådd graden oberstløytnant. Han har hatt fleire utanlandske oppdrag, og verka mellom anna i fredsbevarande styrkar for SN i Den demokratiske republikken Kongo frå 2008 til 2009.[1] Under president Blaise Compaoré var han nestkommanderande for tryggleikstyrkane til presidenten, Régiment de la Sécurité Présidentielle.[2] Han mottok antiterrorismetrening frå den amerikanske hæren i 2012.[3]

Oppreist

endre

Då det braut ut store demonstrasjonar i Burkina Faso i oktober 2014, hadde Zida i oppgåve å verna presidentpalasset Kossayam i Ouagadougou. Han skal ha gått over til demonstrantane si side då han fekk ordre om å skyta på dei.

31. oktober gjekk president Compaoré av etter 27 år ved makta, og flykta frå landet. Militærleiaren Honoré Traoré annonserte kort tid etterpå at han skulle ta over makta. Same kveld gjekk Yacouba Isaac Zida gjekk ut og annonserte at han skulle leia ei overgangsregjering.[4] Zida hadde støtte frå fleire unge offiserar, og fekk snart det meste av hæren bak seg.[5]

17. november 2014 blei den sivile diplomaten Michel Kafando vald til nytt statsoverhovud i overgangsregerjgina, og han blei teken i eid dagen etter.[6] Zida blei så utnemnd til statsminister den 19. november.[7] I tillegg til denne rolla fekk Zida også stillinga som forsvarminister i regjeringa utnemnd den 23. november.[8][9]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Press TV, . (3 November 2014). «Zida, le nouvel homme fort du Burkina Faso». PressTv.In. Henta 3 November 2014. 
  2. Press TV, . (1 November 2014). «2nd Burkinabe Army Commander Declares Himself President». PressTv.In. Arkivert frå originalen 1. november 2014. Henta 2 November 2014. 
  3. Burkina Faso: Not so pretty now, economist.com.
  4. «Two feuding army chiefs both claim power after Burkina Faso's president resigns, flees the country». ABC (Australia). 1 November 2014. Henta 1 November 2014. 
  5. «Burkina Faso Has New Leader». VOA. Henta 1 November 2014. 
  6. «Kafando sworn in as Burkina Faso transitional president» Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine., Reuters, 18 November 2014.
  7. Mathieu Bonkoungou and Nadoun Coulibaly, «Burkina Faso names army colonel Zida as prime minister» Arkivert 2014-12-09 ved Wayback Machine., Reuters, 19 November 2014.
  8. «Le gouvernement de la transition est connu», Lefaso.net, 23 November 2014
  9. «Transitional government appointed in Burkina Faso» Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine., Reuters, 24 November 2014.

Bakgrunnsstoff

endre