Yaimé Pérez Tellez (fødd 29. mai 1991) er ein friidrettsutøvar frå Cuba som i 2019 vart verdsmeister i diskoskasting under meisterskapen i Doha. Sommaren 2019 sette ho personleg rekord i øvinga med 69,39 meter ved eit stemne i Sotteville i Frankrike.

Yaimé Pérez


Statsborgarskap Cuba
Fødd 29. mai 1991 (32 år)
Santiago de Cuba
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020

Aktiv endre

Pérez har vore ein av dei beste kvinnelege diskoskastarane sidan ho i Lausanne i 2015 sette personbeste med 67,13 meter. Ved Beijing-VM 2015 enda ho på fjerdeplassen, 7 centimeter bak bronsemedaljør Nadine Müller. I 2016 forbetra Pérez den personlege rekorden til 68,86 m, men mislukkast heilt i OL-finalen. 7. juli 2017 flytta ho sitt personbeste til 69,19 m i Sotteville, ein månad seinare vart ho på ny nummer 4 i eit Friidretts-VM. 16. juli 2019 var ho tilbake i Sotteville og presterte livsbeste då ho i sjette og siste omgang fekk opp eit kast på 69,39 meter. Nesten like langt kasta ho då ho i Doha i slutten av september, i den femte omgangen, «straffa» landskvinna Denia Caballero og vann VM-gull. Under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021 la Pérez beslag på bronsemedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre